Fredag 23. januar 2026

Det er torsdag 22. januar. Melding om ny oppdatering på mobiltelefonen. Du treng 10 GB ledig plass for å få gjennomført oppdateringa, er den brutale beskjeden.

Ein rask sjekk viser at telefonen har 2 GB ledig plass. 2 GB. Hjelp! For å få gjennomført oppdateringa må eg slette alle bilda på mobilen og ein haug med appar.

Eg er stuck, som det heiter på godt norsk.

Det er ikkje anna råd. Ny telefon må kjøpast. Eg klikkar meg inn på Elkjøp sine nettsider, og ser at dei har eit godt tilbod for folk i havsnaud.

Fredag morgon, etter eit intervjuoppdrag i Hustadvikingen si teneste, set eg kursen mot Molde. Berre ein halvtime etter at butikken opna er eg framme. Og jau da, dei har framleis telefonar på tilbod.

Handelen går som en røyk. Tusenlappane også. Eg sper på med eit skikkeleg virusprogram som gjeld både for telefon, nettbrett og PC.

Tretten laken fattigare etablerer eg meg på ein kafe i sentrum, inntek ein veldig sein frukost og nyt det urbane livet i eit par timar medan den nye telefonen blir klargjort.

Ei uro gnagar likevel i bakhovudet. Blir telefonen ferdig, slik at eg rekk ein ny intervjuavtale i Elnesvågen kvart på to? Klokka eitt er eg tilbake i butikken. Og heldigvis, dei har full kontroll. Ikkje det at eg vart overraska. Elkjøp i Molde er ein fenomenal butikk. I alle fall når det handlar om telefoni og data. Suverene folk. Heilt seriøst.

Om det er slike dagar som gjev livet meining, er vel ei anna sak. Men 23. januar 2026 vart faktisk ikkje så verst. Det ligg veldig mykje glede i ein ny duppeditt. Den nye telefonen ser verkeleg lekker ut. Heldig er den som har ei barnleg sinn.

Kva Mette gjorde denne dagen? Ho brukte ni tusen kroner på å reparere Toyotaen. I tillegg til å lage verdas beste pizza.

Fole.

Slik går nu dagan her ute i havgapet.

Det vart ein akevitt til kvelds.

Kommenter innlegget