
Har du fyr
Har du løkter langs din vei
Har du fyr
Et signal om riktig lei
Ei lampe som gløde i mørket
Og lose dæ ut og frem
Som tar dæ bort og hjemmefra
Men også tar dæ hjem
Slik går refrenget i Ola Bremnes sin song «Har du fyr».
Langs norskekysten finst det om lag to tusen fyrlykter. Desse hjelper, slik songen beskriv, dei som fer ute på sjøen til å finne den rett og trygge leia.
Rundt om i Bud er det også sett opp fyrlykter. Dei er eit fint trivselsinnslag, ikkje minst i den mørke årstida. Lyktene gjer det vakre Buaværet enda meir triveleg.
I ei verd som truar med å gå av hengslene, ser det ut til å vere behov for fleire fyrlykter å navigere etter. Det tenkte eg på, da eg tok dette bildet av lykta som står ved forsamlingshuset Breidablik midt Bud sentrum.
Vi opplever det absurde at NATO og EU må halde krisemøte på grunn av ein amerikansk president som styrer etter sitt eige narsissistisk ego. I 2026 kjem trusselen mot ein regelstyrt verdsorden først og fremst frå Washington, ikkje frå brutale diktatorar i Moskva og Bejiing. Donald Trump treng verkeleg ei fyrlykt til å manøvrere både seg sjølv og alle oss andre inn i eit tryggare farvatn.
«Dersom du let att auga, kan ingen fyrtårn hjelpe deg», heiter det i eit sitat etter den tyrkiske forfattaren og tenkaren Mehmet Murat Ildan. Så sant. Nokre menneske er slik at dei ser berre det dei vil sjå. Donald Trump er heilt opplagt blant desse. Likevel: Bud handelsforening sette opp fyrlyktene i Bud. Skal tru om det hadde hjelpt om dei også sendte ei til Det kvite hus i Washington?