
Eg registrerer at NRK1 sender frå langrenns-NM i Steinkjer. Dessverre har norgesmeisterskapet ikkje lenger nokon status. Det har vorte eit B-løp. Anten blir dei beste løparane tilfeldigvis sjuke når NM nærmar seg, eller så skal dei lade opp til oppgåver som er viktigare.
Ein gong i tida var NM ein av dei viktigaste konkurransane gjennom året. Eit NM-gull hang høgt. Norgesmeisterskapet vart nemnt i same andredrag som Holmenkollen, Falun og Lahti.
Medan eg skriv dette, kjem eg til å tenke på NM i langrenn for seksti år sidan. Eg var berre ti år gammal, men hugsar spesielt radiooverføringa av 3-mila. Eg sat i kjøkkenet på Gjeret saman med gammelonkel Ola og høyrde på. Tvillingbrørne Gjermund og Jo Eggen frå Engerdal kjempa om NM-tittelen. Bjørge Lillelien var i sitt ess. Enno var det slik dei beste bilda vart formidla gjennom radioen.
Gjermund vann og Jo sikra seg sølvet. Tenk det, eit tvillingpar tok dobbeltseier i NM. Det var ein sensasjon. Fire dagar seinare vann Eggen-brørne NM-stafetten over 3×5 km for Engerdal SK saman med Johs. Harviken. Gjermund tok i tillegg NM-sølv på 15 km og gull på 50 km i meisterskapet.
På denne tida var NM ein kjempestor skifest. I perioden 30. januar – 5. februar 1966 avvikla arrangøren Hernes IL 15 km, 30 km, 50 km og stafett for menn, samt 5 km, 10 km og stafett for kvinner og kombinert. Hopp stor og liten bakke vart arrangert i same tidssrom på Rena.
Denne knallharde konkurranseøkta gjennomførte langrennsløparane like før VM i Oslo, som starta 17. februar. Det var ikkje mykje snakk om å spare seg eller å stå over renn. I VM skulle Gjermund bli den store langrennskongen med tre gull. Jo fekk berre ein sjanse i meisterskapet, etter ei svak plassering på den innleiande 30-kilometeren.
Verdscupen og store pengar har endra langrennssporten. Løparane er så finstilte, at det å stå over dei rette konkurransane gjennom sesongen har vorte ein vitskap i seg sjølv.
Dette går ikkje minst utover NM-arrangørane. Enno er det tydelegvis stas å bli tildelt norgesmeisterskapet. Men kor lenge vil det vare, når dei beste løparane kvart år berre gir blaffen i heile greia?
Ja, kanskje var det litt uheldig å legge NM så tett innpå OL i år. Men hadde det hjelpt å vente til verdscupsesongen var over? Neppe. Allereie er det jo slik at andre del av NM går i månadsskiftet mars/april. Det er ein konkurranse ingen bryr seg om etter ein lang verdscupsesong.
Det heile kokar ned til at både forbund og utøvarar må ta ansvar for at NM ikkje forvitrar. Godt betalte yrkesløparar bør sjå å kome seg på jobb, om ikkje anna i respekt for publikum og det store apparatet som har gjort karrieren deira mogleg.
Gjermund Eggen gjekk 100 harde NM-kilometer i løpet av sju dagar berre to – tre veker før han vann tre gull i VM, der det vart nye 105 kilometer. Det var sjølvsagt ei heilt anna tid. Eg stiller likevel spørsmålet – og det ikkje minst fordi dagens løparar er ekstremt mykje betre trena enn dei som konkurrerte på 60-talet: Har pendelen svinga altfor langt den andre vegen?