
Fredrik Solvang er ute etter mange år som programleiar i «Debatten». Erstattarar vart Åsa Vartdal og Espen Aas, begge med solid erfaring og tung fagleg ballast. Torsdag denne veka hadde dei to premiere.
Var den nye utgåva av «Debatten» betre eller dårlegare enn den gamle? Eg ser i aviser og på sosiale media at meiningane er delte. Noko anna var heller ikkje å vente.
Solvang jakta heilte tida action, konflikt og temperatur. Vartdal og Aas har trekt programmet inn i eit nytt spor. Etter debuten å døme, legg etterfølgarane opp til ein meir neddempa tone. Vi fekk presentert eit konsept der folk fekk tid til å kome med fullstendige resonnement og snakke ferdig. Eg tykkjer det var befriande.
Litt kjerringa mot straumen kanskje, i høve til det som er dagens standard TV-debattar. Men kvifor ikkje? Vi treng debattprogram der kunnskap trumfar polarisering. Eg vart i alle fall klokare av å sjå «Debatten» enn på lenge.
Fredrik Solvang gjorde ein kjempejobb, sjølv om han ikkje var min favoritt. Så er det ei tid for alt. Også den godeste Fredrik gjekk til slutt i same fella som mange TV-profilar før han: Han begynte å bli høg på seg sjølv. Til slutt vart det meir «Fredriks talkshow» enn «Debatten». Da er det tid for å takke av. Noko han da også gjorde.
402.000 personar såg Åsa Vartdal og Espen Aas sin debut som programleiarar i «Debatten», ifølge Kampanje. Til samanlikning hadde sesongpremieren i fjor 378.000 sjåarar. Å trekke nokon konklusjon etter det første programmet, som fekk veldig mykje merksemd i forkant, er altfor tidleg.
Likevel: Lite tyder på at Fredrik Solvang sin abdikasjon har utløyst landesorg og boikott av «Debatten».