
Høfleg som eg alltid er, greide eg ikkje å stå imot invitasjonen til eit nyttårsintervju med meg sjølv i år heller. Å stille til intervju kan vere ei risikabel øving. Journalistar på si evige jakt etter klikk er jo ikkje alltid å lite på. Men sidan eg har ei viss styring på intervjuaren, og i tillegg vart lova full sitatsjekk før publisering, valde eg å ta sjansen.
– Er det noko som gjorde spesielt stort inntrykk på deg i 2025?
– Skal eg trekke fram ein spesiell ting, må det vere alt det som har skjedd i heimbygda mi Surnadal etter at overgrepa knytta til Hans Hyldbakk kom for ein dag. Dei som vart utsett for urett og overgrep har krav på respekt og oppreising. Men når ein ser dei enormt negative konsekvensane denne prosessen har fått for omdømet til kommunen, må det vere lov å stille spørsmål ved handteringa av saka. No vil ikkje kjente artistar lenger kome til Surnadal. Vårsøghelga er ein saga blott og det fantastisk flotte ordet Vårsøg, sjølve merkevara til Surnadal, er drukna i vanære. Eg veit at alt er gjort i beste meining. Men likevel: Vart det tenkt langt nok? Elles var det trist å sjå korleis både Hyldbakk-saka og den okonomiske krisa i kommunen utløyste ein debatt som gjekk heilt av skaftet i kommentarfelt og sosiale media. Det er utruleg å sjå kva sjølv sindige surnadalingar er i stand til å lire av seg berre dei får eit tastatur mellom fingrane.
– Korleis har livet i Robinsonmarka 26 vore det siste året?
– Som vanleg har det vore stabilt og fredeleg. Nokre utfordringar måtte vi likevel handtere. Mette vart hofteoperert i januar. Ho gjorde ein stor jobb med opptreninga, og var klar for hyttelivet på Tæla allereie til 17. mai. Vi fekk ei flott helg i fjellet. Men så skjedde altså det at Mette sklei og datt på tur ned liene, berre 150 meter frå bilen. Fallet enda med eit brot i ankelen, og dermed måtte ho starte på ein tørn med opptrening. Heile sommaren og meir til gjekk med, før ho fekk sin andre og siste hyttetur for sesongen. Mette er ei tolmodig dame. Den eigenskapen har ho verkeleg fått bruk for i 2025. Eg er mektig imponert over kona mi. Elles har vi ingenting å klage over. Livet smiler stort sett kvar dag.
– Og landkrabben trivst framleis som buaværing?
– Å flytte til Bud var som å vinne ein million i Lotto. Ope landskap, storhavet rett utanfor stuedøra, sol heile året og eit veldig triveleg miljø. Betre kan det ikkje bli. Og avstanden til Surnadal er ikkje større enn at det går fint å gjere ein dagstur til hytta, om det skulle vere nødvendig.
– Det vart ein del hytteliv i 2025 også?
– Sjølv om Mette mista mykje av sesongen, vart det ein god del turar på meg. Eg landa vel på over tretti overnattingar. Det er litt mindre enn vanleg, men fleire omstende gjorde at det vart slik. Mangel på snø stoppa den årlege skutertransporten med proviant. Snømangelen gjorde også at eg feira påske på hytta utan å ha med ski. Dei tre favorittmånadane mine for skiturar er mars, april og mai. Mangel på snø sørga for at det ikkje vart ein einaste vårskitur. Det var eit stort sakn. Slike vintrar blir nok meir regel enn unntak framover, er eg redd.
– Eg ser i Hustadvikingen at du også dette året jamnt har vore frampå med nyheitssaker og reportasjar i avisa. Skulle ikkje du bli pensjonist?
– Det var planen, ja. Og eg har da også eit mykje friare liv no enn da eg var redaktør 24/7 i Aura Avis. Å få vere med på reisa til Hustadvikingen har vore eit lite eventyr. Avisa er berre drygt to år gammal. Opplagstala ved utgangen av første halvår 2025 viste at vi var den avisa som auka mest i Møre og Romsdal. No i haust kom stadfestinga av at pressestøtta er på plass. Å få bidra i dette gründerprosjektet gjev pensjonistdagane meining.
– Men kunne du ikkje heller ha funne på noko anna, etter alle åra med tidspress og lange dagar?
– Skriving er vel strengt tatt det einaste eg har klart å tileigne meg litt kunnskap om i løpet av snart 70 år. Treskjering, rosemåling eller bilmekking er ikkje noko for meg. Slike aktivitetar utløyser heller ikkje same kick som når vi slår Romsdals Budstikke med to minutt på ei politimelding eller ei nyheit frå kommunestyret. Folk må gjerne le. Men å vere først, aktuell og relevant er faktisk heilt avgjerande for å fange lesarane og gjere avisa attraktiv for nye abonnentar. Utan lesarar kan inga avis leve.
– Har avisene forandra seg?
– Nokså mykje i løpet av berre få år, vil eg seie. Den største forandringa er at innhaldet har vorte motoren i avisøkonomien. Annonsane er nesten borte. I gamle dagar hadde det ikkje noko å seie om ein journalist eller to hadde ein dårleg dag på jobben og produserte lite. På kort sikt medførte det ingen konsekvensar. Annonseinntektene rulla uansett inn. Abonnentane var også mykje meir trufaste enn no. I dag er avisene avhengige av konstant høg redaksjonell produksjon av saker som gjev klikk og nye abonnentar. Dette har endra journalistikken og innhaldet i avisene. Eller kanskje meir presist: Det har gått utover innhaldet.
– Mange aviser har meir eller mindre kutta ut leiarartiklar og eigne kommentarartiklar. Kva meiner du om det?
– At leiar- og kommentarstoffet har fått så låg prioritet er veldig skuffande – og etter mi meining eit brot med avisene sitt samfunnsoppdrag. Redaktørar skal utfordre, delta i det offentlege ordskiftet og sette dagsorden. Det begynner å bli langt mellom slike. Unnskyldninga vi ofte høyrer er at slikt stoff ikkje produserer nok klikk. Redaktør Hilde Kvammen i Hustadvikingen viser at denne unnskyldninga ikkje held. Ho skriv leiarar som til dels gjev veldig høg lesing. Sjølv skriv eg med ujamne mellomrom kommentarar i avisa. Også dei blir godt lest.
– For vel to år sidan ga du ut ei bok. Kan vi vente fleire?
– I respekt for akkurat denne intervjuaren skal eg avstå frå å lyge. Ja, det kan godt hende at det kjem ei ny bok. Men eg har så mange ballar i lufta, at eg veit enno ikkje heilt når.
– Får du tid til å lese bøker?
– Eg prøver å lese så mykje som eg kan. Om ein ønsker å utvikle sitt eige språk, er lesing heilt nødvendig. Med åra har eg vorte spesielt glad i biografiar. Å lese biografiar er ein fin måte lære historie på. Elles kjem eg alltid tilbake til Knut Hamsun og Edvard Hoem. To fenomenale ordkunstnarar, rett og slett. Ja, og så Kjell Aukrust, sjølvsagt. Eg må ikkje gløyme han. Aukrust hadde ei utprega evne til å få sagt mykje med få ord. Les ein tekstene hans fleire gongar, vil ein ofte oppdage at dei er bygd opp lag på lag. Ein greier berre ikkje å ta inn alle ved første gjennomlesing. I tillegg var Aukrust ein teiknar av Guds nåde.
– Kva med musikken – kjøper du framleis plater?
– Ja, det gjer eg. Det går både i LP og CD. Men streaming tek meir og meir over. Gjennom Tidal-abonnementet mitt har eg for nokre få kroner i månaden tilgang til nær sagt alt som finst av musikk. Ei ny verd har opna seg for den som likar å utforske musikk. Det er heilt utruleg.
– Fann du nye favorittar i 2025?
– I alle fall ein. Eg har lytta veldig mykje til den sveitsiske pianisten Nik Bärtsch det siste året. Ein genial fyr.
– Det vart tur til Kreta også i fjor?
– Ja, denne turen høyrer med. Vi skeier ikkje ut så mykje, Mette og eg. To veker på Kreta er eit av årets høgdepunkt. Elles er eg glad for at eg har reist ein del opp gjennom åra. Dess meir ein ser av andre kulturar, verdiar og skikkar, dess mindre sikker blir ein på at det er typisk norsk å vere best i eitt og alt.
– Kva tankar gjer du deg om det som skjer ute i den store verda?
– Det er eit stort spørsmål. Ein blir nesten mållaus og i beit for svar. Putin, Netanyahu og Trump – mykje handla om dei i 2025. Vi ser ein situasjon der to brutale krigsherrar brukar ein inkompetent og naiv amerikansk president som nyttig idiot. At vi akkurat no skulle få fire år utan vaksne heime i Det kvite hus, har skapt ein farleg situasjon og lite håp om at krig og liding skal ta slutt. Forferdeleg mykje har gått galt i åra etter pandemien. Vi trudde opprusting var historie. No går våpensmiene atter for fullt i Europa. Utan at støtta til Ukraina er medrekna, skal Norge neste år bruke dobbelt så mykje pengar på forsvar som på bistand. Det er eit godt bilete på korleis verda har gått av hengslene. Men sidan verda blir styrt av bandittar, er opprustinga sjølvsagt heilt nødvendig. Å vere optimist er ikkje så enkelt.
– Får vi fire år med tuttifruttistyre – overlever regjeringa denne perioden?
– Ja, det gjer den nok. Det er i alle fall spådommen min. Ikkje fordi dei fem partia har spesielt gode førsetnadar til å utvikle en stabil allianse. Dei er jo galopperande ueinige i ei lang rekke viktige politiske spørsmål. Men å stable på beina eit alternativ er heller ikkje lett. Dessutan trur eg at dei største utfordringane for framtidige norske regjeringar i aukande grad vil kome utanfrå. Kjempestore saksfelt som migrasjon, klimakrise, sikkerheit og helse kjem til å utfordre tankesettet til eit sjølvtilfreds og styrtrikt Norge, der sterke politiske krefter framleis meiner at vi ikkje eingong skal vere med i EØS.
– Er det saker du brenn spesielt for?
– Eg er vel ikkje ein slik type som går fullstendig all in for ei bestemt sak. Men klimaendringane opptek meg. Den som vil sjå, ser kva som skjer. Konsekvensane av det som allereie er ei klimakrise blir stadig meir dramatiske. Situasjonen krev handling, noko som ikkje minst FN sin generalsekretær mange gongar har påpeika. Norge sitt svar har så langt vore å lage ei forteljing om at vi som har bygd opp ein enorm nasjonalformue på CO2-utslepp, best kan bidra til det grøne skiftet ved å leite og bore etter olje som før. Vi nordmenn kjem til å møte oss sjølve i døra – men neppe før den dagen toget har gått.
Samtalen er over. Intervjuobjekt og intervjuar takkar kvarandre for ein prat som gjekk overraskande gemyttleg for seg. Den første spør om når artikkelen kjem på epost for sitatsjekk. Den andre kan ikkje hugse nokon lovnad om sitatsjekk. Intervjuobjektet innser at det er berre å gje seg. Han kjenner lusa på gangen.