Eg er tilhengar av monarkiet – av prinsipp

Kong Harald tala som vanleg til folket sitt nyttårskvelden. (Skjermpdump frå nrk.no).

Heller ikkje i år greide TV-programmet «Året med kongefamilien» å gjere meg til republikanar. Tvert om. Eg vart berre enda meir overbevist om at monarki er den styreforma som tener oss best.

Det finst mange prinsipielle argument mot at ein maktposisjonsan går i arv. Men betyr det at vi som framleis meiner at monarkiet er ei god styreform for Norge ikke eig prinsipp? Absolutt ikkje.

For ein del år sidan kom eg over ein artikkel Aftenposten, forfatta av teolog og filosof Espen Ottosen. Han skriv:

«Nylig møtte jeg følgende spørsmål i en avis: Hvorfor er det mer forkastelig at en person kan arve et land enn at en multinasjonal bedrift gis videre til neste generasjon? Jeg har fortsatt ikke funnet et godt svar. Derfor er jeg blitt tilhenger av monarkiet. Jeg kan ikke lenger se noen grunnleggende prinsipielle innvendinger mot ordningen.»

Og vidare: «Dette handler om vår grunnleggende samfunnsforståelse. Jeg blir bare mer og mer skeptisk til en individualisme der vårt eneste utgangspunkt er situasjonen for enkeltmennesket. Tvert imot tror jeg at det er positivt og nødvendig å tilhøre fellesskap – en familie, et lokalsamfunn, et nasjonalt fellesskap. Og da kommer vi neppe unna at både tradisjoner og posisjoner, idealer og eiendom, vil kunne gå i arv.»

Og det er vel nokonlunde i dette tankelandskapet eg også opererer i, og som gjer meg til prisipiell tilhengar av monarkiet.  Kongefamilien er berarar av identitet og tradisjon. Av felles verdiar og forankring. Dei er heva over den smålege partipolitiske krangelen som preger kvardagen, og har ingen annan agenda enn ønsket om å vere samlande.

Døma på hvor godt dette har fungert for landet vårt er tallause.

Vi kunne sikkert ha levd greit som republikk her oppe i steinrøysa. Men når eg ser kva kongefamilien vår faktisk utrettar i løpet av eit år, kor mange arenaer dei deltek på og kor mykje tryggleik og toleranse dei spreier, så vel eg å konkludere med at dette er ei god ordning for nasjonen.

Også ved dette årsskiftet har konge og statsminister tala til oss. Dei to talane utfyller kvarandre. Som innbyggarar får vi med oss ein bagasje inn i det nye året. Kongen bidreg frå sin ståstad – statsministeren frå sin posisjon. Eg tykkjer dette er vår styreform på sitt beste.

Kong Harald er glitrande talar. Han kan kunsten å få sagt mykje med få ord. Ofte har faktisk kongen sin nyttårstale overgått statsministeren sin. Det betyr ikkje at Jens, Erna, Jonas og alle dei andre har gjort ein dårleg jobb. Berre at vi har ein monark som alltid har noko meiningsfylt å fare med, og som på ein heilt eineståande måte greier å vende seg til kvar enkelt av oss som høyrer på.

Neste år fyller kongen og dronninga 89 år. Det er nesten utruleg. Vi veit at 2026 blir eit krevjande år for kongefamilien vår. Måtte dei få behalde krafta til å utføre si gode gjerning, på tross av motbakkane som vil kome.

Kommenter innlegget