
Eg er vel strengt tatt ikkje så veldig handballinteressert til vanleg. Men i eit par adventsveker kvart år er det lite som slår handball. Kvinnelandslaget sluttar aldri å vinne. Eg sluttar aldri å la meg imponere.
Når det gjeld reglar og det reint handballfaglege er det mykje eg ikkje kan. Av og til forstår eg kvifor dommarane bles – andre gongar ikkje. Blikket mitt, og ikkje minst kunnskapen, er ikkje tilstrekkeleg utvikla.
Men artig er det likevel.
Det norske kvinnehandballeventyret starta i 1986, da Norge tok VM-bronse. Sidan den gongen har laget vunne 3 OL-gull, 5 VM-gull og 10 EM-gull. I tillegg kjem 2 sølv og 3 bronse i OL, 5 sølv og 3 bronse i VM, og 3 sølv og 1 bronse i EM. Det er tal som knapt er til å tru.
Suksesshistoria starta da Sven Tore Jacobsen vart tilsett som landslagstrenar i 1984. Han leia laget fram til 1993, da Marit Breivik tok over. I 2009 overlet ho stafettpinnen til Thorir Hergeirsson. Islendingen slutta etter EM-triumfen i desember i fjor. Det høyrer med til historia at Hergeirsson var assistent under Breivik i åtte år før han vart sjef.
No leiar den svært erfarne klubbtrenaren Ole Gustav Gjekstad handballjentene. Han greidde altså VM-gull på første forsøk.
Det blir fire trenarar på drygt førti år. Kontinuitet trumfar det meste. Til samanlikning har herrelandslaget i fotball hatt elleve trenarar i same tidsrom. No er også dei klare for eit nytt VM. Men i fotball, der pengar og korrupsjon rår, har ikkje kontinuitet særleg høg status.
Sjølvsagt hjelper det heller ikkje med kontinuitet, om dei som skal vere kultur- og verdiberarar ikkje held mål. I norsk kvinnehandball har vi sett ikkje berre eit sportsleg mirakel, men også eit reint eventyr når det gjeld utvikling av verdiar og prestasjonskultur.
Og det er ingen grunn til å frykte at dette skal endre seg. Ole Gustav Gjekstad har allereie sagt til VG at han har tenkt å halde på til 2033.
Slik kunne ein fotballtrenar aldri ha uttala seg. Fotballtrenarar på toppnivå kan aldri vere sikre på om dei har jobb neste dag. Men Gjekstad kjenner seg trygg nok til å snakke slik. Fordi han veit at den filosofien han no er ein del av ikkje er tufta på impulsive løysingar og jakt på snarvegar til suksess.