Herrelangrenn på sotteseng

Eg har ei ekkel kjensle av at forholdet mellom meg og langrennssporten syng på siste verset. I alle fall når det gjeld herrelangrenn.

Interessa mi for langrenn vart vekt tidleg i barndommen. Allereie før vi begynte på skulen konkurrererte eg og bror min i oppgåtte løyper på ekra nedanfor stuehusa. Han var Lundemo, eg Grønningen. Det var dei to første langrennsløparane vi lærte namna på.

I åra som kom, og heilt fram til i dag, skulle det bli nokre tusen timar framfor radio og TV, med aviseslesing og utklippsbøker. Heldig er den som er interessert i sport. Eg er faktisk heilt ute av stand til å sjå for meg korleis livet skulle ha vore utan denne lidenskapen.

Men herrelangrenn? Eg har vel kjent på at noko ikkje har vore heilt på stell i forholdet gjennom fleire år no. Norsk dominans, kombinert med dalande interesse i andre delar av verda, har teke bort mykje av glansen. Med russarane på sidelina vart det heilt krise. Berekrafta er borte.

Resultatlistene frå renna i Granåsen i helga er deprimerande lesing for den som helst hadde sett at langrennsporten har ei framtid. Men fakta er nådelause. Laurdag tok dei norske løparane dei åtte første plassane på 20 km. Blant dei tolv beste var det berre to utlendingar. På 10 km kom beste utanlandske løpar på 8. plass. Dette er ikkje noko eingongstilfelle, men diverre eit presist bilde på stoda for internasjonalt herrelangrenn.

Når verdscuprenna går på norsk jord, får Norge stille med ein nasjonal kvote i tillegg til verdscupkvoten. Resultata frå Granåsen viser at det er finst mange norske løparar som er gode nok til å hevde seg i toppen internasjonalt, men som ikkje slepp gjennom nålauget til verdscuprenna i utlandet. I dag er det vanskelegare å vinne eit nasjonalt mønstringsrenn på Geilo enn eit OL-renn i Cortina.

Det vart depressivt, dette her. Men herrelangrenn er verkeleg i trøbbel. Framleis god rekruttering, kombinert med ein ressursbruk som ligg hinsides det andre land greier å varte om med, har skapt ein avstand frå Norge og ned til konkurrentane som nok har kome for å bli. Det ser ut til at svenskar, finnar, tyskarar, sveitsarar og andre land, som i alle fall tidvis har hevda seg i toppen, er ramma av full resignasjon.

Målt i medlemstal er fotball, handball og golf er dei tre største idrettane i Norge i dag. Ja, golf – du les rett. Da Gjermund Eggen stupte over mål under 5-mila i VM i 1966, var det vel knapt ein nordmann utanfor nokre utvalde urbane strøk som hadde sett ei golfkølle. Tidene forandrar seg. Det same gjer folk sine interesser.

Og så har vi den store elefanten i rommet, som ikkje alle er så lystne på å snakke om: Den akselererande klimakrisa. Langrennsløparar og skiskyttarar på ei smal stripe med snø på grøne marker er allereie vanleg kost, også om renna går tusen meter over havet. Ski-VM i Trondheim i år, med kuling, varmegrader, regn og djup sørpe i spora, vart nokså sikkert eit av dei siste skimeisterskapa i låglandet. Det skal bli spennande å sjå korleis det går i Falun i 2027, drøye hundre meter over havet.

I IOC er er klimaendringane eit tema høgt oppe på dagsordenen. Det blir stadig vanskelegare å finne arrangørbyar som ligg slik til at det er sannsynleg at dei kan by på snø. OL i Bejiing i 2022 vart det første som utelukkande baserte seg på kunstsnø, sjølv om langrennsløypene låg på 1.800 meters høgde. Neste år går vinter-OL i Milano og Cortina. Cortina ligg 1.224 meter havet. I 2030 er leikane lagt til ein region i dei franske alpane.

Om det blir slutt mellom meg og herrelangrenn, så meiner et at det er sporten som forlet meg – og ikkje omvendt. No er det NM kvar helg – unnateke dei helgene det verkeleg er norgesmeisterskap. Da orkar ikkje dei beste norske å stille opp.

Money talks. Og klimaet ordnar resten.

Kommenter innlegget