Urolege tider – men gamle travarar sviktar ikkje

Krig, kommunal armod og netthets – det er mykje trist og destruktivt rundt oss. Da er det ikkje desto mindre triveleg å kunne bidra med noko som dreg i positiv retning.

Jula er tid for tradisjonar. To gamle travarar, «Jul på Nordmøre» og årsskriftet til Stangvik historielag, sviktar ikkje. Hefta har allereie vore i handelen ei stund.

Eg har æra av å vere involvert i begge. «Jul på Nordmøre» markerer årgang 90 i år. Stangvikheftet begynner også å kome til skjels år og alder. Historielaget vart stifta i 2007, og årsskriftet har kome ut kvart år sidan. Begge hefta er i år på heile 76 sider.

Eg er stolt av dei to produkta – og ikkje minst av det arbeidet som blir lagt ned i redaksjonane. Karin og Gjøran i «Jul på Nordmøre – Marit, Torbjørn og Berit Anne i historielaget: Eg er privilegert som får halde på med dette i lag med akkurat dykk!

Ein stor takk også til Åge på Mediahuset på Sunndalsøra. Han har gjort verksemda si til noko langt meir enn ei grafisk bedrift. Mediahuset er ein kulturinstitusjon.

Innhaldet i hefta er også i år bygd over ein lest som er til å kjenne att for lesarane. Interessa dei blir møtt med viser at det framleis er rom for slike produkt, sjølv i ei digitalisert tid.

I «Jul på Nordmøre» er det teke med fleire smakebitar frå det første heftet, som kom ut i 1936. Blant desse er eit dikt og ei novelle av Hans Hyldbakk, som begge ser ut til å vere skrivne eksklusivt for «Jul på Nordmøre».

Sjølv om Hyldbakk har kome i eit svært negativt lys i det siste, meiner redaksjonen at det er rett å skilje mellom privatpersonen og kunstnaren Hans Hyldbakk. Bidraga frå 1936 har historisk verdi og står etter redaksjonen si vurdering støtt som ein del av innhaldet i eit hefte der årgang 90 blir markert.

Snart snur sola, og vi går over i eit nytt år. Da tek det ikkje lang tid før arbeidet med 2026-utgåvene av julehefta startar. Bak ferdige produkt ligg det ein prosess som pågår så å seie året rundt. «Kultur er det motsette av krig», sa den tyske forfattaren og nobelprisvinnaren Thomas Mann. Difor har vi tenkt å køyre på, heile gjengen.

Kommenter innlegget