Ei reise frå april til oktober – med nokre forviklingar

1. påskedag 20. april på Tæla. Det vart hyttepåske utan ski.

Ein hyttesesesong. Den 34. i rekka. 36-åringen som vart hytteeigar på Tæla i 1992 er plutseleg berre få månader unna dei 70. Eit halvt liv. Tanken er uverkeleg. Men slik vart det. Og vi har ikkje tenkt å gje oss enno, verken Mette eller eg.

2025-sesongen baud som vanleg på mykje hytteglede. Samstundes vart den ikkje heilt som vi hadde tenkt. Snømangel stoppa skutertransporten. Det var ein strek i rekninga, som førte til tyngre ryggsekk enn vanleg utover sesongen. Heilt uvanleg var det også å feire påske på Tæla utan å ha med seg ski.

Eg har aldri opplevd noko liknande. Men natur og klima er i endring. Påske på Tæla, utan snø og skiturar, vil med åra bli meir standard enn unntak.

Mette bruka etterjulsvinteren til opptrening etter ein hofteoperasjon, og gjennomførte den første hytteturen 17. maihelga. Det skulle også vise seg å bli den siste på ei stund for hennar vedkomande. På tur ned frå hytta sklei ho, og pådro seg eit lite ankelbrot. Neste tur for henne vart derfor ikkje før i september. Det skulle også bli den siste i 2025. Dårleg ver og andre omstende hindra at det vart fleire turar på Mette dette året.

Nei, ikkje alt gjekk etter planen. Eg kan vel seie at eg har ei kone som er nokså oppsett på at det skal bli ein annleis sesong neste år. Det same er eg. Ikkje minst håpar eg på ein vår med skiføre til langt ut i mai.

Sjølv hadde eg som vanleg frie hender til å reise på Tæla når eg ville. Det vart mange fine turar, om ikkje riktig så talrike som i år der alt er på stell. Snømangelen førte m.a. til færre vårturar enn vanleg.  Men tretti overnattingar let seg vel høyre. Eg har ein mistanke om at det er hytter i området Tæla og Kvenndalen som er sjeldnare i bruk.

Nedanfor følger ein bildeserie frå 2025-sesongen på Tæla. Tekstene under bilda skildrar reisa frå april til oktober.

Eg feira påske åleine på Tæla.
Det meste av skiføret reiste til påske. Dette bildet er teke påskelaurdag 19. april.
Vanlegvis er det folksamt på Tæla 1. påskedag. I år kom det to gjestar. Til gjengjeld var dette to framståande representantar for den harde kjerne. Det vart ei fin stund saman med Torbjørn og Bjarne.
15. mai. Endeleg var vi to. Turen viste at den nye hofta til Mette var som skapt for turar opp og ned kvennbøliene.
15. mai. Vi har alltid spekemat avec den første kvelden. Ein triveleg tradisjon. Det vart ei veldig fin helg.
17. mai på Tæla. Snøen i Fossafjellet er så å seie borte. Eit uvanleg syn.
Eg feira pinse på Tæla. Utsikt frå Telheim 6. juni.
7. juni. Rast ved den heimre gjetarhytta …
… og ein svipptur til den indre.
15. juni. Full sommar.
15. juni. Sommardag ved Fossåa. Første del av sommaren vart det mange stunder med bading, mat og forfriskningar her. Ein makalaust fin plass.
5. juli. Endeleg framme! Ei av fleire tunge bører i løpet av sommaren. Men når ein vrenger av seg sekken og kan nyte utsikta frå terrassen, er alle strabasar gløymde.
7. juli. Ein uforgløymeleg sommarkveld. Naturopplevingar som dette lever ein lenge på.
7. juli. Høgsommar. Vi tykkjer hytta vår ligg i eit utruleg vakkert terreng.
8. juli. Utsikt frå Fintenkjarplassen.
14. juli. Årets varmaste tur.
15. juli. Tur til Fossafjellet i steikande varme. Fossafjellet er 786 m.o.h. og byr på utsikt til ei rekke kommunar på Nordmøre, i Romsdal og i Trøndelag.
31. juli. Sommaren er på hell. Når ein er åleine, treng ein ikkje så mange lyskjelder.
16. september. Endeleg vart det tælatur på Mette igjen. Ho var lik seg, og snar til å kome i gang med gagns arbeid.
17. september Langreist styrkedrikk frå Kreta til Trollheimen.
1. oktober. Tidleg i oktober greier ikkje sola lenger å gå klar av Fossafjellet. Ut på ettermiddagen blir ho borte ei stund, før ho dukkar opp igjen og skapar ei magisk avslutning på dagen.
2. oktober. Fantastisk flott haustdag.
16. oktober. Hustrig tur opp liene. Det var godt å kome fram og tenne opp i omnen.
17. oktober. Eg vakna til dette, og var sjeleglad for at eg hadde ordna alt utandørs dagen før.

Og der var reisa over. Som lesaren sikkert har lagt merke til, er det ikkje all verda med folk i denne bildeserien. Forklaringa er at eg for det meste oppheldt meg på hytta åleine, og at det også var sparsamt med besøk. Eg kunne sjølvsagt ha teke med fleire selfiar. Men to får greie seg.

Eg var ikkje spesielt heldig med veret den siste turen. Forsmaken på vinter kom akkurat det døgnet eg var på Tæla. Fleire overnattingsturar blir det ikkje i år, men kanskje ein ekstra bonusdagstur, om førjulsvinteren held seg mild og bar? Vi får sjå.

Ein tanke på “Ei reise frå april til oktober – med nokre forviklingar

Kommenter innlegget