
27. oktober 2025 døydde Odd Martinsen. Dermed er alle heltane frå det legendariske stafettlaget som vann gull under ski-VM i Oslo i 1966 borte. Harald Grønningen gjekk ut av tida i 2016. Så døydde Gjermund Eggen i 2019 og Ole Ellefsæter i 2022.
Stafetten onsdag 23. februar 1966 vart sendt direkte på fjernsynet. Snart seksti år seinare hugsar eg løpet, og ikkje minst Martinsen sin førsteetappe, veldig godt. Det å sjå langrenn midt i veka var ikkje akkurat noko vi var vande med i dei tider. Ski-VM skapte høgtid i heimen. Det var minnerike dagar. Ja, opplevingar for livet, skulle det vise seg.
Odd Martinsen gjekk eit sensasjonelt løp. Han veksla 24 sekund før neste lag. Vi trudde ikkje det vi såg. Da ankermann Gjermund Eggen gjekk i mål, var Norge eitt minutt og tretten sekund framom Finland på andreplass.
Med unntak av Gjermund Eggen, som var erstatta av Pål Tyldum, gjentok laget bedrifta under OL i Grenoble to år seinare. Da var differansen ned til sølvvinnar Sverige halvminuttet større enn i 1966. Som i Oslo gjekk Odd Martinsen ein forrykande startetappe, og stadfesta at han fortente tilnamnet «Stafett-Martin», som han hadde fått allereie etter storløpet i VM.
Opp gjennom åra har vi nordmenn vore godt forsynt med langrennsstjerner og store triumfar i løypa. For meg står heltane frå 60-talet i eit heilt spesielt lys. Eg meiner det handlar om meir enn nostalgi. Medaljane var meir eksklusive den gongen. Det var langt færre meisterskap, og ikkje så mange distansar som i dag. Konkurransen var også hardare. Nordmenn på sierspallen i store meisterskap var inga sjølvfølge.
No for tida er tredobbelt norsk i eit ski-VM meir som ei pølse i slaktetida. Da Gjermund Eggen, Ole Ellefsæter og Odd Martinsen vann tredobbelt på 15 km i Oslo i 1966, var det på grensa til å gå over folk sin forstand. Stafettsigeren, Gjermund Eggens 3 x gull og Bjørn Wirkola sine 2 x gull i hoppbakken, saman med gjennombrotet til Jentut’n med sølv på stafetten, gjorde at ski-VM utløyste nasjonal eufori og ei heltedyrking knapt nokon hadde sett maken til.
Trauste skogsarbeidarar med VM-medaljar rundt halsen vart over natta TV-stjerner som alle skulle ha ein bit av. Dei skreiv bøker og ga ut grammofonplater. Folk strøymde til bokhandlar og platebutikkar for å sikre seg klenodia. Og her snakkar vi ikkje om døgnfluer. Så lenge Gjermund Eggen levde, skulle det kome busslastar med nysgjerrige turistar inn på gardstunet hans i Engerdal. Dei ville sjå kor VM-helten kom frå.
Ja da, verda var ikkje så stor den gongen, og vi nordmenn var ikkje så blaserte som i dag. Men eg trur gleda blant folk var meir ekte enn i vår tid. No får vi så mykje av alt. Og det blir aldri nok.
Odd Martinsen gjekk for klubben Nittedal. Han vart nær 83 år gammal. No er han ikkje lenger blant oss. Men «Stafett-Martin» sette djupe, varige spor etter seg i langrennshistoria – både som løpar og administrator.