Sistkveld

Årets siste overnatting på Tæla. Den siste bloggen frå Tælastuå i 2025. Det er sistkveld.

Utanfor veggane snør det. Landskapet kler seg i kvitt. Når kalenderen viser medio oktober, er ikkje det uvanleg her oppe. Inne i hytta er det lunt og godt.

Tælastuå skal gjerast vinterklar. Det blir ei overnatting. Så er det slutt for i år.

Hytteboka fortel om ein sesong med mange fine turar. Litt færre enn vanleg vart det. Men uforutsette hendingar inntreffer av og til. Slik er det berre.

Eg har Tæla for meg sjølv, og nyt kvelden i eige selskap. Det er alltid litt vemodig å avslutte hyttesesongen. Men tida går fort. Plutseleg blenkjer atter vårsola i bakkane.

Eg ser fram til ein vår med mykje snø og godt skiføre. I år vart det ikkje ein einaste skitur. Vi får håpe og tru at det var eit unntak. 

Kommenter innlegget