
Det er fem år sidan eg som redaktør forlet redaksjonslokala i Aura Avis for siste gong. Tida går fort. Kanskje har det noko å gjere med at pensjonistlivet så langt ikkje har gjeve meg ein einaste kjedeleg dag.
Men gammeltida vil ikkje heilt sleppe taket. Storparten av natt til i går bruka eg på å redigere ei avis som aldri vart ferdig. Det var ein svært levande draum – om ei klokke som gjekk altfor fort, teknikk som svikta, saker som ikkje vart levert som planlagt og utolmodige trykkarar på tråden. «Levere dokk itj no, så kjæm itj avisa ut». Jau da, det var attkjennelege tonar.
Draumen var slett ikkje den første av denne sorten. Det kjem heilt sikkert fleire også. Eg konstaterer at yrkesskaden er uoppretteleg, og dermed livsvarig.
Kva draumar ein blir heimsøkt av om natta, er det naturlegvis ikkje så enkelt å ha kontroll på. Slike draumar plagar meg heller ikkje. Eg blir berre forundra over at fortida sitt tidspress og kampane mot deadline aldri slepper taket.
Så er det sjølvsagt ei stor oppside å kunne vakne og etter kvart forstå at det berre var ein draum. Denne forbaska avisa skulle aldri ut, og det gjorde ikkje noko at ho ikkje vart ferdig. Ho eksisterte berre i mi draumeverd.
Når ein etter slikt nattleg kav kan gå ned på kjøkkenet, lage seg ein kopp kaffe og ta inn den daglege dosen med «Politisk kvarter», sig som regel erkjenninga av at ein faktisk er pensjonist inn over kropp og sjel. Det er ei god kjensle. Å ikkje skulle nokon stad – berre bestemme over eigen dag – er ein fridom som gjev heilt andre moglegheiter enn å vere fanga i avisa sitt hamsterhjul. Men også det er noko eg tidvis kan slite med å forhalde meg til. Altså: Yrkesskadd.
Ideen til dette blogginnlegget fekk eg i Molde måndag denne veka – altså same dag som eg vakna opp etter deadlinestrevet. Eg bruka formiddagen til Hans Olav Lahlum sitt foredrag om USA på Storyville i Molde. Etter den imponerande USA-leksjonen, gjekk eg inn på ein kafe for å kjøpe noko å bite i. Eg valde meg ein vindusplass, der eg kunne sjå rett ut på torget i Molde. Klokka hadde enno ikkje passert eitt på dagen.

Da kom det plutseleg over meg: Du er fri mann. Midt i arbeidstida kan du sitte her og sjå på folk som fyk forbi. Travle menneske som hastar hit og dit. På veg til og frå eitt eller anna. Møte, kan eg tenke meg for mange sin del. Det blir jo aldri nok møte. Eg har hatt mine, og saknar dei ikkje. Som pensjonist treng eg ikkje gå på eit einaste møte for å tene til livets opphald. Statsløna tikkar inn på konto, jamnt og trutt. Slik ho har gjort det kvar månad i fem år no, og som ho skal gjere kvar månad så lenge eg lever. At det går an å vere så heldig!
Over kaffekoppen tenkte eg også på livet i redaksjonen i Aura Avis, som ikkje baud på så mange pustepausar. Digitaliseringa gjorde dagane til eit rævkøyr, for å seie det rett ut. Dei som er der i dag spring framleis så fort dei kan. Ingenting er forandra. Det er godt å sleppe, og kunne bytte ut stresset med ei stille måndagsstund på ein kafe – heilt for seg sjølv.
Det er da ikkje så verst, dette livet. At eg tapte kampen mot deadline denne natta, lever eg godt med. Yrkesskaden er i høgste grad handterbar – ja, kanskje til og med litt komisk. Skulle det kome ein draum der eg faktisk rekk deadline, skal eg skrive ein blogg om hendinga. Men sjansane for at dette skal skje er minimale. Underbevisstheita vår er ikkje slik laga.
Eg tømmer kaffekoppen, går opp i parkeringstunnelen og startar køyreturen til Bud. Vel heime ser eg litt på nyheitene, før eg set meg ved PC’en for å sjekke postlista til kommunen. Hustadvikingen skal også ha sitt.
Ja ja.