Herre over eige liv

Oktoberkveld i Tælastuå.

Nokså nøyaktig 33 år har gått sidan vi tok over Tælastuå. Eg sit i skyminga og ser i gamle hyttebøker. Det vart litt av ei reise. Legg eg saman alle dagane eg har vore her og skrive i hytteboka, utgjer dei rundt 4,5 år. 

I dag rakk eg akkurat å gjere unna det vedarbeidet eg hadde planlagt, før regnet kom. Eg hadde også tenkt meg innover Tæla for å inspisere linjearbeidet. Men ein slik tur freista ikkje, sidan veret vart så dårleg. Inspeksjonen får vente til ein annan gong. 

Det vart dermed ein roleg ettermiddag. Eg presterte til og med å sovne på sofaen. Ja ja. Og kva så? Det er jo det som er så velsigna med dagar som dette. Vegen blir til medan ein går. Ein er hundre prosent herre i eige liv. Ingen forventar noko av deg. Ingen krev noko. Av og til er det utruleg befriande. Sjølv for meg som har verdas mest tolmodige kjerring.

Tæla har kledd seg i haustfargar og kalenderen viser oktober. Om ikkje lenge er også hyttesesong nummer 34 over. Alt gjekk ikkje etter planen i år. Men slik er det av og til. Litt seinare i oktober skal Mette og eg avslutte sesongen saman. Så blir det ein avsluttande tur på meg for å gjennomføre det faste ritualet med vinterstenging.

Eg mørknar sakte ned. Slik eg har gjort så mange gongar før. Enno kan eg skimte Sul-toppane gjennom vindauget. I ei forvirra verd, styrt av bandittar, er det godt å kunne kvile blikket på noko urokkeleg og påliteleg. 

Ein haustleg fred kviler over Tæla. Søget frå Fossåa har skifta frå dur til moll. Det er godt å vere eremitt. Eg blar i den første hytteboka. Epistlane fortel om entusiasme, forventning og glede over at draumen om hytte på Tæla hadde gått i oppfylling. Livet tok ei ny vending.

Hyttebyggarane Ane og Peder ser på meg frå bildet på veggen. Eg er dei evig takknemleg. Bortsett frå at Mette og eg har tilgang til mobiltelefon og enkelte andre duppedittar, er vel forskjellen på livet Ane og Peder levde her på 50-talet, og vårt hytteliv, ikkje særleg stor.»

Er det noko eg er verkeleg glad for, er det akkurat det. 

Kommenter innlegget