Julehefte, rakfisk og absurd teater

Delikatesse: Vellagra rakfisk frå Røn i Valdres.

Det går på haustlege gjeremål for tida. Dei er meir som eit fast ritual. Redigeringa av Jul på Nordmøre er unnagjort. I helga skal eg legge siste hand på årsskriftet til Stangvik historielag, slik at Åge på Mediahuset får starte det grafiske arbeidet.

Det er mykje jobb. Jul på Nordmøre starta eg med allereie i månadsskiftet mai/juni. Men gode medspelarar og trufaste skribentar gjer arbeidet med desse hefta lystbetont. De gjer ein kjempeinnsats, alle saman!

Det er eigentleg ikkje oppgåva mi å skryte av produkta. Men likevel: Eg tykkjer det ser veldig bra ut. Begge hefta kjem ut med rekordhøgt sidetal i år. Jul på Nordmøre markerer også at dette er årgang 90. I heftet vil lesarane finne stoff frå den første utgåva, som altså kom ut i 1936. Bergljot Hals sørger som vanleg for verdas finaste framside.

Julehefter og årsskrift representerer ein lang og viktig tradisjon. Det er noko stabilt og forutseieleg over desse publikasjonane. Og er det noko vi treng i denne urolege tida, er det stødige stabbesteinar som vi kan kan navigere etter.

Eg skriv desse linene medan eg på radioen høyrer Benjamin Netanyahu tale til FN si hovudforsamling. Eg kjenner det er rett før det går kaldt nedover ryggen på meg. Mannen er ein forblinda, kynisk massemordar. Nyleg tala Donald Trump til den same forsamlinga. Talen hans vitna om at USA er på full fart mot ein stad der vi ikkje ønsker at vår næraste og viktigaste allierte skal vere. Kven kunne tru at det skulle kome ein president som sette det amerikanske demokratiet i spel?

Det har vore absurd teater i FN denne veka. Teaterstykke innafor denne spesielle sjangeren er ofte humoristiske. Men i FN har det ikkje handla om humor. Det er ramme alvor, når så framståande statsleiarar demonstrerer at dei lever i ei heilt anna verkelegheit enn dei fleste andre på kloden.

Skal vi vere redde? Nei, eg trur ikkje det. Men utrivelege tider er det. Vi får fokusere på at det trass alt framleis skjer mykje positivt i verda. For å ta noko heilt nære, gler eg meg til rakfisk i kveld. Det blir delt meny i Robinsonmarka 26 denne fredagen. Mette likar ikkje rakfisk, og held seg til reker. Mange buaværingar eg kjenner et verken rakfisk eller lutefisk. Rare greier. Men drikken, og ikkje minst kosen, har Mette og eg felles. Øl og akevitt passar til både rakfisk og reker.

For eigen del ser eg også fram til advent og jul. Det er ei triveleg tid. Og så var det desse hefta eg snakka om. Du må ikkje gløyme dei. Dei byr på mykje leseglede og god julestemning. Garantert.

Kommenter innlegget