Over alle grenser

Skjermdump frå Netflix.

Kor sjølvopptatt, egoistisk, tankelaus og ansvarslaus går det an å bli? Prinsesse Märtha Louise gjev oss svaret. Det finst ikkje grenser. 

At ho er spesiell har vi visst lenge. Og for all del, det er flott at folk tør å trø utanom A4-formatet.

Men det er ikkje der vi er når det gjeld prinsessa. Etter at ho slo seg saman med Durek Verrett, har Märtha Louise vist at ho gir blanke blaffen i kvar ho kjem frå og kva rolle ho var født inn i. At ho tillet at sjamanen brukar den skandaløse Netflix-serien til eit bakhaldsangrep på det norske kongeparet, sine eigne foreldre, toppar alt. Stort simplare kan det ikkje bli. 

Beklager, Märtha Louise. Ein gong i tida var du ein forfriskande representant for kongehuset. No har eg mista all respekt for deg, og håpar at far din snarast råd tek frå deg prinsessetittelen. Den fortener du verkeleg ikkje å ha. 

Norge innførte lik arverett til tronar i 1990 – utan tilbakeverkande kraft. Takk og pris for det siste. Utan denne passusen, ville Märtha Louise ha vorte vår neste dronning. 

Det vil ha vorte ei lite ærerik avslutning på det norske monarkiet. 

Kommenter innlegget