
Auståvinden feier over Tæla. Det er nesten i meste laget. Eg vurderer å ta inn flagget før det bles i filler. Gradestokken viser faktisk 18-19 grader. Men dei varme gradene får ikkje høve til å stoppe på. Dei berre fyk forbi.
I radioen høyrer eg om ein annan sort auståvind. Trekken frå Moskva er iskald for tida. Krenkinga av Polen sitt territorium var ei utriveleg påminning om at Putin kanskje ikkje har tenkt å nøye seg med Ukraina. Sidan det for tida ikkje er vaksne heime i Washington, var tidspunktet ekstra alvorleg.
Da Henning Sommerro deltok i Melodi Grand Prix i 1980, framførte han songen Auståvind med tekst av Jørgen Gravvold.
Orda har dobbel botn. Songen handlar om den fysiske vinden, og i overført tyding om ein kald krig og trusselen frå Sovjetunionen i aust. Auståvind startar slik:
Det bles så iskald en auståvind
Inn over dal og fjell
Og han fer fram med så hard ei hand
Hør kor det kvin og smell
Nei, ingen e trøgge når han ligg på lur
Kanskje han kjem i kveld
Ja, kanskje han kjem i kveld
Bæverdalsdiktaren sine ord er i 2025 diverre like aktuelle som dei var i 1980. Frå muren sitt fall i 1989 og utover begynte verda etter kvart å ta mange steg mot nedrusting og fredeleg sameksistens. No er alt rive ned. Bandittar med stort ego og liten forstand har tatt over. Atter går våpensmiene for full maskin.
Auståvinden på Tæla er ikkje farleg. Han er berre eit typisk haustteikn, og ei påminning om at i ei avspora verd går i alle fall årstidsyklusen sin evige gang.
Eg kjenner at det er på tide å trekke inn i hytta. Vinden tek skikkeleg tak her på verandaen. Eg avsluttar utandørssyslane med rimeleg greitt samvit. På kjøkkenbenken ligg ein anstendig pose med nyplukka tyttebær. Ei økt med vedarbeid kan eg også vise til. Og før eg fer heim i morgon skal eg vaske.
Over helga blir det ny tur, og da er vi to. Det skal bli kjekt.
