
Måndag 8. september skal eg gjere mi borgarplikt. Eg har stemt ved kvart val sidan 1977. For seks år sidan var eg på nippet til å la vere. Men ei bestemt kone ga ordre om at eg hadde å kome meg til stemmelokalet. Så da vart det slik.
Eg har som vanleg følgt med på valkampen – i to veker frå eksil på Kreta. Sant å seie var det dei to beste vekene. Ikkje berre på grunn av at eg likar meg godt der, men også fordi den geografiske avstanden til steinrøysa gjorde det lettare å filtrere bort ein del av den usiviliserte støyen som dessverre vart eit kjennemerke på denne valkampen. Politisk kvarter på øyret kvar morgon og lesing av Altinget og nettaviser ga meg det eg trengte. Eg sakna ikkje TV-debattar med selskapsleikar, kaotisk munnhoggeri og ein breial Fredrik Solvang ein einaste gong.
Tidene forandrar seg, og ingen ønsker seg vel tilbake til dei stivbeinte partileiardebattane frå 60- og 70-talet. Men eit lite blikk i bakspegelen for å lære hadde kanskje gjort seg? Når format og showfaktor så tydeleg trumfar omsynet til innhald og informasjonsverdi, har pendelen etter mi meining svinga for langt den andre vegen.
Det var no det. Folk har heldigvis ulik smak. Og min smak er kanskje gammaldags. Da eg under TV-debatten sist fredag kveld skreiv på Facebook at norsk valkamp er på veg tilbake til steinalderen, fekk eg både medhald og motbør.
Som sagt så har eg altså tenkt å gjere borgarplikta mi. Og eg har endeleg bestemt meg for kva parti som skal få mi stemme. Aldri har eg spekulert så lenge før avgjerda vart tatt. Det høyrest kanskje rart ut. Men grunnen er at eg i godt vaksen alder har mista mykje av interessa for den trivielle kvardagspolitikken. Eg er ikkje lenger så opptatt av barnehageprisar og kloakkavgifter, for å seie det slik. I staden prøver eg å halde meg oppdatert på nokre få politikkområde, som for meg er av overordna karakter og verdimessig viktige.
Dette er saker som eg eigentleg ikkje er villig til å kompromisse på. Men det politiske landskapet har vorte slik at skal eg i det heile få stemt, må eg faktisk setje til livs ein kamel eller to på valdagen. Eller alternativt: Halde for nasen når eg slepper stemmeseddelen ned i urna. Det siste er vel best for ein sensitiv mage, som også har begynt å reagere negativt på mørkt øl.
Eg kan røpe at mitt val av parti eit stykke på veg må kallast taktisk. Eg er hundre prosent på line med partiet sin hovudbodskap, men samtidig galopperande usamd innafor fleire saksområde som betyr mykje for meg. Av og til må ein finne seg i at målet heilagar middelet.
No er det heile straks over. Det er ikkje det minste vemodig. Eg kjem aldri til å sakne denne valkampen. Så får vi sjå korleis den politiske kvardagen vil arte seg framover. Evna til å bere staur blir etter alt å døme ei avgjerande ferdigheit for den som skal leie landet. Det vil forundre meg om ikkje Jonas, Erna og Sylvi allereie har begynt å trene i smug.
Det gjeld å ha teknikken inne når den politiske utpressinga startar.