Eit ikkje altfor spektakulært liv

Nydeleg utsikt frå ManoEra. Øya Theodorou med dei freda geitene i bakgrunnen.

Det gjer godt å komme seg utaskjærs – sjølv for pensjonistar som på papiret har ferie heile året. Livet går sin sakte gang her på Kreta, og byr på dagar nokså fjernt frå den heimlege tralten.

Så langt har det vorte mest strandliv, bading i behageleg vatn og trivelege avbrekk på ManoEra, strandbaren til vår gode ven Manolis og familien hans. Manolis kjenner vanane våre. Når vi første gong troppar opp i 12-tida, veit han kva vi vil ha. Bestilling er ikkje nødvendig.

Det er ikkje berre vi som trivst på ManoEra. Veldig mange av dei som går hit er stamgjestar, som kjem att år etter år. Her treffer vi stadig kjentfolk frå både Norge og andre land.

Sydenlivet vårt er vel strengt tatt ikkje så altfor spektakulært. Men det er veldig triveleg. Og da held det lenge for oss. Mykje action er liksom ikkje vår greie, for å seie det på godt norsk. Plataniás har vorte vårt ferieparadis. Vi gler oss til å kome hit kvart år. 

Ei fin og langt frå overbefolka strand.

No til helga er det varsla temperaturar på rundt 34 grader. Det innbyr ikkje til store sprell. Neste veke skal kvikksølvet sjå tjuetalet igjen. Da har vi tenkt å røre på oss. Ein biltur står på programmet. Vi har køyrt mykje rundt på øya opp gjennom åra, men framleis er det rikeleg med upløygd mark å ta av. I år er planen å utforske landskapet sør for storbyen Heraklion.

Chania, som ligg berre ein kort busstur unna Plataniás, er også alltid verd eit besøk. Vi blir aldri ferdig med gamlebyen, som har mykje til felles med Venezia. Likskapen er da heller ikkje tilfeldig. Bydelen vart bygd av venetianarane på 1300-tallet.

Så får vi sjå kva vi finn på. Akkurat no skal eg begynne på boka «Det jeg så» av Yama Wolasmal. Etter det gripande foredraget til NRK-korredpondenten i Molde i januar, er forventningane store.

For ein som gjennom eit heilt liv har fuska i same fag som Yama Wolasmal, er det lett å bli imponert av slike som han. Han er blant dei ypparste på NRK si lange liste over kompetente korrespondentar. Eg vil påstå at få av dei har hatt ei meir krevjande oppgåve enn den Yama Wolasmal står i no. 

Plataniás byr på mange idyllar om ein beveger seg litt utanom den travle hovudgata.

Eg følger også med på den norske valkampen. Det ser ut til å gå mot ei spennande valnatt. Ein statsminister får vi til slutt. Men det som verkar meir og meir sikkert, er at denne statsministeren – uansett kven det blir, kjem til å bli hakka halvt i hel av uregjerlege og kravstore samarbeidspartnarar. 

Eg misunner ingen oppgåva. Det er beundringsverdig at nokon i det heile tatt orkar å ta på seg eit så stort ansvar, for same betaling som løna til ein middels god fotballspelar i ein middels god eliteserieklubb.

Og apropos fotball: I går kveld såg eg Bodø/Glimt nedsable Sturm Graz med 5-0. For eit lag! No blir det, om ikkje eit mirakel skjer i returkampen, Champions League på Aspmyra. Eg heiar på Bodø/Glimt og unner den flotte klubben verkeleg dette eventyret. Mykje spennande TV-fotball er i vente. 

Så får denne Høgmo halde på med sitt. Pompøst tåkeprat og kreative bortforklaringar har så langt vist seg å vere ei dårleg oppskrift. 

Kommenter innlegget