Hurtigruta, hausten og formuesskatten

Hurtigruta glir forbi. Ho har sin eigen syklus. To gongar i døgnet kan vi som bur i Bud sjå desse staselege skipa, som har trafikkert langs kysten vår sidan 1893.

Det er ein fin augustkveld. Ute i kveldsdisen passerer «Nordnorge». Ei kjensle av haust sig inn over kropp og sinn. Når veret vil det slik, skal ein ikkje så mange dagane ut i august før det skjer noko. Lyset, temperaturen, draget i lufta – alt forandrar seg. Vi lyt finne oss i at sommar blir til haust.

Det går mot mørkare tider. Hausten kan eg leve godt med. Strengt tatt tykkjer eg at det er den finaste årstida. Vi i Robinsonmarka 26 seier farvel til den norske sommaren allereie denne helga. No set vi kursen mot Kreta og blir borte i to veker. Når vi er tilbake i gamlelandet viser kalenderen straks september. Da er det i alle fall haust.

September og oktober – om vergudane ikkje finn ut at det skal bli tidleg vinter, er fine månader i fjellet. Vi ser fram til hytteliv etter sydenturen. Endeleg skal vi bli to på Tæla igjen. Det er fint å ha noko å sjå fram til, både i det korte og litt lengre tidsperspektivet.

Men akkurat no er det Kreta som gjeld. Det blir vår niande tur til øya saman. Vi gler oss til å møte gode vener. Gode ferieopplevingar er ein fin ballast å ta med inn i vinteren.

Medan vi er borte skal norske politikarar fylle tida med valkamp. Eg kjem til å følge med. Med dagens teknologi spelar det ingen rolle kor ein er i verda. Norske aviser, Dagsrevyen og alle slags valsendingar er alltid tilgjengelege på mobil og nettbrett. Einaste forskjellen er at det er mykje lettare å stenge støyen ute når ein er langt heimafrå. Det kan absolutt vere ein fordel.

Eg er eigentleg ikkje så imponert over den norske valkampen. Av og til blir det veldig mykje skrik, lite ull og ørkeslaus krangel om formueskatten. Om valkampen speglar dei verkelege utfordringane som verda står overfor, kan diskuterast. Blant mange tema eg saknar er klimakrisa. Nyheitsstraumen, som er fylt av flaumar, tørke, skogbrannar og dystre rapportar om temperaturauke, fortel at vi er på veg mot stupet. Men så lenge ein ikkje greier å få til einigheit om formuesskatten, får vel det berre stå si prøve.

Så skal politikarane ha ros for at dei held debatten innafor anstendige former og viser respekt for kvarandre. Det er langt verre med veljarane som opererer ute i kommentarfelta. På grunn av hets og hatefulle innlegg mot statsministeren, måtte Dagbladet nyleg stenge diskusjonstråden under eit oppslag om Jonas Gahr Støre.

Kommentarfelta var i si tid tenkt som eit rom der vanlege folk kunne delta i det offentlege ordskiftet. Dessverre har dei vorte ein stinkande søppelplass. Det finst visst ikkje grenser for kva vaksne menneske kan finne på å lire av seg, til og med under fullt namn.

Mennesket er ein skrøpeleg skapning, med sterk tendens til å drive krig både i det nære og det store. Men slik er det. Vi får trøyste oss med at både hurtigruta og årstidene sin evige syklus går vidare, uansett utfall av stortingsvalet. Kva som skjer ute i den store verda framover, er eg derimot meir usikker på. Det får vi ta ein annan gong.

No blir det 14 dagar utaskjers.

Kommenter innlegget