
Straks er den norske valkampen i gang for fullt. Det kjem til å bli ein del skrik og delvis mangel på ull. Bagatellar skal blåsast ut av proporsjonar. Til lyden av ramlinga frå tomme tønner blir den norske andedammen i ein månads tid måla i svart/kvitt.
Mykje har skjedd i verda sidan vi sist hadde stortingsval i dette landet. Bakteppet for valkampen i 2025 er så dystert og gjennomgripande tragisk, at ein som veljar kan bli freista til å la norsk politikk segle sin eigen sjø.
Jonas, Erna eller Sylvi? Sjølvsagt er dei ulike. Men sett i lys av dei verkelege utfordringane som denne verda har vikla seg inn i, blir ulikskapen mellom dei tre mest utanpå. Det kan bli eitt steg hit, eller to små steg dit – alt etter kven som vinn valet. Men kva så? Eg trur ein sveltande palestinar ville ha sagt at inni er statsministerkandidatane våre like.
Vi er heldige som bur i eit slikt land, der den einaste konsekvensen av eit stortingsval – uansett utfall – er at stabilitet og tryggleik for folket held fram. Om ein ser litt stort på det.
Eg håpar at mediene fortset med å sette flomlys på dei store internasjonale krisene, også etter at dei norske politikarane har entra valkampmanesjen. Vi har ikkje lov til å gløyme verken Ukraina eller Gaza.
Når det gjeld Gaza, er inntrykka derifrå no så forferdelege at dei er vanskeleg å ta inn. Israel er ein terrorstat, leia av den kyniske krigsforbrytaren Benjamin Netanyahu. Han står for ein vondskap og brutalitet vi knapt har sett maken til sidan nazistane forsøkte å utrydde Netanyahu sitt eige folk. Historia gjentek seg. Av alle er det den israelske statsministeren som står bak.

Kvifor let verdssamfunnet Israel få halde på med dette? Kvifor går alle vestlege leiarar på gummisålar for Netanyahu, medan palestinarar svelt i hel og ungar blir drepne i matkø? Det skjer kvar einaste dag. Kvifor skal det vere meir komplisert å rette sanksjonar mot Israel enn mot Russland? Kvifor skal palestinarane haldast med prat, når dei er under angrep av ein massemordar som har som mål å utslette dei?
Eg berre spør. Og eg veit at eg stiller spørsmåla på vegner av mange.
Status per no er at Israel har tatt livet av 60.000 palestinarar. 150.000 er skadde. Under ruinane på Gaza, som det vil ta ti år å rydde opp i, ligg fleire tusen sakna. På levningane av desse menneska kan verdas mektigaste mann, han som har makt til å stoppe det heile, tenke seg å bygge eit luksuriøst ferieparadis. Benjamin Netanyahu har nominert Donald Trump til Nobels fredspris.
Det er ikkje til å tru. Berre surrealistisk, kvalmande og uendeleg trist.
Vi kan sjølvsagt ikkje slutte å drive innanrikspolitikk i Norge, sjølv om verda står i brann. Men for eigen del må eg berre seie at eg akkurat no har store problem med å engasjere meg i straumpris, kloakkavgifter og småleg politisk krangel om kvardagstrivialitetar.
Framtida til dei komande generasjonar her i landet avheng ikkje av prisen på ost og sjokolade. Det store spørsmålet, også for oss med tilhald i den honningkrukka som ber namnet Norge, er om verdas leiarar skal bli i stand til å gjere ende på meiningslaus krig, liding og menneskeleg fornedring. Når alt kjem til alt, er vi alle i same båt her på kloden. Ingen kan i det lange løp stenge det internasjonale fellesskapet ute og operere som si eiga lukkes smed. Ikkje eingong vi velfødde nordmenn.
Får vi ein valkamp med dette som utgangspunkt?
Neppe.