Det må vere lov å vere idiot i eigen blogg

Sommarglede. Bading i Kvenndøla i Surnadal.

Etter ein hustrig juni kom ein juli vi seint vil gløyme. Eg er vanlegvis tolerant når det gjeld varme. Men det får vere grenser. Kjem det nokre dagar med striregn og mindre enn ti varmegrader no, er det ikkje meg imot.

Slike tankar kan ein knapt kan dele med andre menneske. Det er ikkje moro å vere festbrems i denne celsiusfestivalen. Populær blir ein heller ikkje med å seie at dette ekstremveret har eit bakteppe som, om ikkje anna, burde vekke visse refleksjonar.

Om ein orienterer seg bak den endelause straumen av glade sommarbilde i både sosiale media og på redaktørstyrte plattformar, finn ein mykje tankevekkande og ikkje så klikkvenleg informasjon.

Eg skal ikkje øydelegge stemninga med å gå i detaljar. Men kortversjonen er at 2024 var det varmaste året nokon gong, 2025 har halde fram på same måten med varmebølger, naturkatastrofer og dramatisk bresmelting over heile Europa. Stadig fleire dør eller får helseplager av varmen. Ekstra alarmerande er det at permafrosten har begynt å tine. Dette vil frigje enorme mengder av klimagassen metan, som er 80 gongar sterkare enn CO2.

Klimaforskarane er tydelege i prognosene sine: Det kjem til å bli verre. Irreversible klimaprosessar, som i verste fall skiplar økosystemet, kan allereie vere i gang.

Det finst snart ikkje klimaforskarar som nektar for at alt dette er menneskeskapt. Derimot er det ikkje vanskeleg å finne politikarar som i ord gjev seg ut for å ta klimakrisa på alvor, samtidig som dei i handling står for noko heilt anna.

Eg er ikkje samd med MDG-politikar Rasmus Hansson i alt han seier og gjer. Men i eit intervju med Altinget nyleg kom han med ein analyse som eg meiner er rimeleg presis: «Uansett hvor mye det brenner, uansett hvor vanvittig varmt det blir, og uansett hvor fort Svalbard smelter, så påvirker det ikke politikken i det hele tatt».

Ja, det er rare greier. Tenk om politikarane hadde tatt klimakrisa like alvorleg som pandemien for fem år sidan! Også da ga konspirasjonsteoretikarar og kunnskapsfornektarar lyd frå seg. Men dei fekk aldri noko gjennomslag. Når det kjem til klima, har desse kreftene fritt spelerom – med rekkevidde heilt til Stortinget sin talarstol.

Sommar i Bud. Finare blir det ikkje.

Ein skal ikkje grave seg ned i dystre framtidsutsikter, og kanskje heller ikkje skrive pessmistiske blogginnlegg når kosen er på sitt mest intense. Ingen skal ha dårleg samvit over å nyte ein varm sommar. Eg gjer det sjølv, som dei fleste andre andre.

Men det er ikkje det same som å gje blaffen. Enno har vi tid på oss til å gjere dei tiltak som må til. Paradoksalt nok er klimafiendtlege politiske parti på offensiven som aldri før både i Norge og Europa elles.

Den kunnskapsrike og slagferdige Facebook-skribenten Petter Farstad kom nyleg med dette hjartesukket: «… mens jorden bokstavelig talt koker under føttene våre, ler folk seg i hjel. De trykker latteremojier på nyhetsoppslag om varmerekorder, og kommentarfeltene renner over av idioti. At Spania har hatt sin varmeste junimåned noensinne, oppfattes av enkelte som en slags eksotisk attraksjon, som om klimakollapsen er noe å kose seg med i solstolen».

Mange meiner heilt sikkert at det er slike som meg som står for idiotiet. Men det må vere lov å oppføre seg som ein idiot i sin eigen blogg. For øvrig skal eg straks ta meg ein høveleg skvett med leskande drikke, sette meg på terrassen og berre gle meg over sommaren i Bud. At sola nettopp forsvann er heilt greit.

Snart er det også klart for nye dagar på hytta. Fjellheimen viser seg frå si finaste side framover no. Sidan eg mista vårskisesongen – det fanst ikkje snø på Tæla, håpar eg på eit slags «payback» frå naturen i form av ein lang og mild haust etter Kreta-turen i august ( ja da, eg brukar fly nokre gongar i året).

Livet er ikkje det verste ein har. Nettopp derfor har vi eit ansvar: Å sikre at komande generasjonar kan kjenne det på same måten.

Kommenter innlegget