
Det er fint ver ute til å vere inne i på Tæla i dag. Om det regnar? Nei, ikkje akkurat det. Vêrgudane er så til dei grader i godlune at det blir i meste laget andre vegen. I skrivande stund viser gradestokken 31,6 grader.
Eg har installert meg i døropninga. Her er det svalt og leveleg. Noko terrasseliv er ikkje å tenke på før sola har flytta seg lenger mot vest.
Så skal ein jo helst ikkje klage på dagar som dette. Etter den kalde forsommaren måtte det kome eit omslag. Og det skjedde til gagns.
Om ikkje lenge har eg tenkt å trekke ned til Fossåa igjen, og bad nummer to for dagen. Eg har tida og terrenget for meg sjølv, og opplever oppe i all varmen nettopp dette som eit stort privilegium.
I snart fem år har eg vore pensjonist no. Men evna til “å lande” er framleis under innøving. Tæla er ein utmerka treningsarena.

Eg fer åleine denne turen også. Mette, som verkeleg har fått sine tørningar med krykker dette året, må enno vente litt. Men ho er på gang, som det heiter på sportsspråket. Vi ser fram til å dra på hyttetur saman igjen.
Når eg i ro og mak sit og kjenner på den sterke varmen, er det nesten så eg undrast på korleis eg kom meg opp liene i går. Sanninga er vel at eg allereie på Haukarstokken var så godt som tom.
Men heldigvis hadde eg nok drikke. Eg bestemte meg også for at resten av turen fekk ta den tida den tok, og la inn rikeleg med pausar. Nokre av dei på både ti og femten minutt, til og med. Oppskrifta verka. Frykteleg sliten, men nøgd med at eg hadde bruka vett og forstand, kunne eg som løn for strevet nyte eit Fossåa-bad akkompagnert av høveleg drikke.
Ei anna oppside fekk eg kjenne utpå utover kvelden: Det er lenge sidan denne gamle kroppen har restituert så bra som han gjer no. Eg sender stadig varme tankar til mirakelmennene og -kvinnene på St. Olavs.
Ein sval og venlegsinna vind frå aust stryk over Tæla no. Det er på tide å pakke sekken og kome seg bort til fossen. Når alt kjem til alt er vel sanninga at det i dag er fint ver ute til å vere ute i.