
Juni går mot slutten. I Bud har vergudane velsigna denne siste helga i månaden med mykje regn og til dels sterk vind. I skrivande stund, søndag ettermiddag, er temperaturen sju grader.
Og slik har det vore store delar av våren og sommaren. På mirakuløst vis fekk eg eit par flotte døgn på hytta for fjorten dagar sidan, med sol og temperatur på 25-26 grader. Det var juni sitt høgdepunkt – i alle fall når det gjeld veret.
No er det ikkje det at eg har så veldig god bruk for finver, heller. Redaktør Hilde i Hustadvikingen er på ferie, så da må drengen trø til. Det er travle pensjonistdagar. Men eg er såpass yrkesskadd at eg berre kosar meg med jobben. Det å oppleve at nokon har bruk for den kompetansen eg har opparbeidd gjennom eit langt yrkesliv, er eit stort privilegium.
I Bud er det tid for Atlanterhavsspelet. Der er eg presse- og programansvarleg. Det krev også tid no i innspurten fram mot premieren 3. juli. Stykket blir for øvrig betre enn nokon gong i år.

Likevel, alt går lettare når sola skin, også om ein sit inne med kontorarbeid. Når gråveret er så stand by som no, gjer det faktisk noko med tanke og sinn. Også for ein som ikkje har for vane å bli versjuk.
Og takk og lov for at denne uvanleg våte og vindfulle helga kom no og ikkje om ei veke. Da hadde spelet måtta avlyse tre av dei fem oppsette forestillingane. Det ville ha vore ein katastrofe. Utandørsidrett er risikable greier her i nordvest.
Det blir ei veke til som avisvikar. Så ventar Tæla – uansett ver. Litt vedarbeid, måling og turar i terrenget skal bli godt for kropp og sjel. Men eg tek med rikeleg med lesestoff, for sikkerheits skuld. Ein kan jo aldri vite kva desse vergudane finn på.
Vi har fått ein sommar der godver ikkje er normalen, men ein overraskande bonus.
