Tankar ved fossen

Ein favorittplass.

Eit livgjevande juniregn sildrar ned på Tæla. Det kjem til å få fart på den gryande grønfarga som allereie har lagt seg over landskapet.

Eg starta dagen med utefrukost i nesten 26 grader. Seinare tok eg med meg litt vått og tørt og gjekk ned til Fossåa og favorittplassen min ovanfor fossen. Eg vart sittande i over ein time. 

Tankane flyg lett i dette paradiset. Eg såg på den vakre naturen, og kjende meg privilegert som har hytte her. Det er mange som har tilsvarande opplevingar, og føler på den same takksemda som eg. Vi nordmenn er utruleg heldige. 

I det heile tatt er vi menneska heldige, som har fått tildelt denne planeten. Her er det i utgangspunktet nok mjølk og honning til alle. Men vi har stelt oss dårleg.

Mange hundre millionar menneske lever i svolt og fattigdom, fordi vi i den rike delen av verda ikkje eig magemål. Allereie 16. april i hadde vi nordmenn bruka opp vår rettmessige del av dei ressursane som jorda skaper i løpet av eit heilt år. For heile verda samla er denne overforbruksdagen 29. juli.

Der eg sat i søget frå den idylliske Fossåa, kom eg også i tankar om kor vanvittig verda har utvikla seg berre i løpet av dei siste to-tre åra. Plutseleg er muren sitt fall, tøveret i aust og global nedrusting redusert til ein fjern draum. Putin, Netanyahu og Trump har i løpet av denne korte tida fått til ei destabilisering som fortonar seg som uverkeleg. 

Diktatoren i Russland driv sin meiningslause krig mot Ukraina. Hundretusenvis av liv har gått tapt. Lystmordaren Netanyahu slaktar forsvarslause palestinarar, og har i tillegg funne dei påskota han trengte for å gå til krig mot Iran. I USA held dei seg med ein president som i utilslørt fascinasjon over autoritære leiarar sakte, men sikkert demonterer det amerikanske demokratiet. USA er på veg til å bli ein fascistisk stat. Tenk at dette kunne skje!

Kloden har vorte utryggare. Atter går våpensmiene for fullt. No vil NATO-sjefen at Norge skal bruke fem gongar meir på opprusting enn på u-hjelp. Klimakrisa er det ingen som bryr seg om lenger. Kor skal dette ende?

Mørke tankar fører sjeldan til noko positivt. Men av og til må må dei likevel tenkast. Naivitet er i alle fall eit dårleg alternativ til pessimisme. 

Eg merkar at mange er prega av den forferdelege straumen av negative og sjokkerande nyheiter som veltar innover oss. Vi må likevel ikkje miste motet og håpet.

Eg las nyleg ein kommentar av tidlegare redaktørkollega Ove Mellingen i Telemarksavisa. Han skriv: «Det er ikke slik at når det skjer mye ille i verden skal man slutte å glede seg over de små tingene. Som en junikveld. Da er nettopp disse gledene en livsnødvendighet.»

Kloke ord og gode råd, som passar inn i den tida vi lever i.

Så eg sa til meg sjølv, der eg sat nede ved fossen: Ta deg saman, gamle mann. No er det nok mismot for i dag.

Eg fann fram telefonen og fotograferte ei myrullplante som i all si uskuld strekker seg mot himmelen og sola. Myrulla er eit fredeleg innslag i naturen. Tenk om alle var som myrulla!

Det følger fred med Myrulla.

Dei som styrer verda kan skape mykje uro, naud og liding. Men dei kan aldri ta frå oss junikvelden. Gjennom Hans Børli sine geniale ord blir junikvelden eit tilfluktsrom og ei kjelde til inspirasjon som vi alltid kan gå til. 

Junikveld

Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen
Og alt vi ser på har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se – skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
– det er som om noe haster..

Å, flytt deg nærmere inntil meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svinnende kort den stund
vi mennesker er sammen.

Det har slutta å regne. Det nærmar seg punktum for dette blogginnlegget. Eg trekker ut på verandaen igjen. Nedbøren gjorde lufta frisk og klår.

Juni, for ei gåve denne månaden er. 

Junikveld.

Kommenter innlegget