Vorspiel og pinsekveld

Tæla, Fossåa og fjella.

Det er stille pinsekveld i Tælastuå. Eg fyrer i omnen og nyt eremittlivet i selskap med Per Sundnes og Frode Larsen på P2.

Klassisk vorspiel er eit fenomenalt radioprogram. Som vorspiel til vorspielet varma Knut Reiersrud opp med historia om Rolling Stones i BluesAsylet på same kanal. Ikkje dårleg det, heller.

Vi har ikkje TV i Tælastuå. Det har aldri vore noko sakn. Det er mykje bra på radioen. NRK Jazz, NRK Nyheter og P2 er mine favorittar.

Ute på tur.

Dagen starta med utefrokost i ti grader, akkompagnert av Finn Bjelke og Popquiz. Noko slikt gjer ein ikkje heime. På hytta er normer og tankesett annleis.

Seinare vart det ein tur innover Tæla. Veret var så surt at eg var førebudd på berre ein kort ekspedisjon. Men plutseleg kom sola fram, og temperaturen steig. Det var verkeleg fint å vere ute. Turen varte i over tre tre timar.

Om eg gjekk langt? Nei, slett ikkje. Det vart vel om lag fem kilometer. I godt vaksen alder er eg ikkje lenger så oppteken av distanse, høgdemeter og klokke.

Tankane flyg lett i ope landskap.

Når eg først går, så prøver eg å halde eit tempo som gir trimeffekt. Det er ikkje det. Men eg har det ikkje så travelt som før. Alt tek den tida det tek. Eg stoppar, lyttar, observerer, fotograferer og filosoferer. Interessa for detaljar i naturen har vorte sterkare. Det er stor forskjell på å sjå og å sjå, har eg funne ut.

Kan det ha med alder å gjere? Ja, det har nok det. Ein endrar seg med åra.

Eg var innom begge dei to gamle gjetarhyttene på turen. Det er ikkje så mykje att av dei. Men det er noko eige med å kome til slike plassar. Historia kjem så nær og blir nesten handgripeleg. Eg vart sittande lenge ved den inner hytta. Ein nydeleg plass!

Ein gong i tida stod det ei steinhytte her.

Det vart ein overlag bra tur for både kropp og sjel. Eit vorspiel til nok ein hyttesommar, som vi alltid gler oss til.

Programmet i radioen går mot slutten. Det same gjer denne epistelen. Eg får vel sette inn nokre bilete før publisering.

Ute regnar det. Det kviler helgefred over sommarkvelden og landskapet.

Kommenter innlegget