Patriotar trør til med millionar for hotellet og bygda

Faksimile frå Tidens Krav med breibygda som bakgrunn.

Da eg klikka meg inn på nettsida til Tidens Krav den første måndagen i juni, vart eg møtt av ei skikkeleg gladnyheit. Der kunne eg lese at eigarane av hotellet i Surnadal satsar og vil investere 40-50 millionar for å skape eit hotell for framtida.

Hotellet er i dag eigd av LL Hotell Surnadal AS, der kjøpesentergründerane Lars Løseth og sonen Lars Ove Løseth er sentrale.

– Vi skal lage eit hotell som får pulsen tilbake og som vi skal bli stolte av. Vi klarar ikkje å fylle opp alle arbeidsplassane i bedriftene i bygda, no må vi skape bolyst. Og kanskje kan hotellet bidra til det, sa Lars Ove Løseth på møtet ifølge Tidens Krav.

Hotellet går ut av Thon-kjeda og blir no eit Frich’s-hotell.

Heldige er dei bygder som har patriotar som far og son Løseth. Dei veit kor dei kjem ifrå. Sidan andre halvdel av 70-talet, da første byggetrinn av det som no er Alti Surnadal vart opna, har Løseth-namnet stått for ei enorm verdiskaping i kommunen. Kor mange arbeidsplassar i Surnadal og omegn som på direkte eller indirekte vis er skapt av Løseth-verksemdene gjennom femti år, veit ikkje eg. Men det er utruleg mange.

Av og til blir det ropa om å «ta» dei såkalla rikingane. Alle skal betale skatt etter evne, kan vi vere einige om. Samtidig er det slik at utan folk med kapital og vilje til å satse til beste for fellesskapet, ville det ha vorte smått med arbeidsplassar.

Det har vore mange opp- og nedturar dei siste åra for det ein gong så ærverdige hotellet på Skei. Lat oss håpe at den satsinga som no er på trappene er det som skal til for å sikre langvarig og stabil drift. Bygda har ikkje råd til at hotellet kjem bort.

Les heile artikkelen i Tidens Krav her.

Kommenter innlegget