
Vi feirar 17. mai på Tæla. Betre kan det ikkje bli. Vêrgudane ga oss til overmål sol frå skyfri himmel på nasjonaldagen.

Køar, kaffe i glovarme pappkrus og lapskaus på papptallerkenar som truar med å kollapse kva tid som helst er vel og bra. Men som pensjonistar, utan plikter på 17. mai, tykkjer vi det er befriande å flytte feiringa til fjells.
Medan Mette kosa seg med strikking på verandaen, arrangerte eg mitt private 17. maitog. Det var eg, Fossåa og eit fjellandskap som vaknar til liv på veg mot sommar og gode dagar. Ikkje fleire.

I andaktstemning og takksemd over å få oppleve vårens under i eit fritt land, gjennomførte eg den tre kvarter lange togturen. Og eg tenkte at 17. mai er ein fin dag – berre vi let vere å bruke han til å dyrke egoisme og nasjonal sjølvgodheit.
Vel tilbake på hytta kunne eg saman med Mette nyte ein god kaffetår. I porselenskopp.
