
Kva skjer når ein av Norges største nolevande kunstnarar kjem rett frå turne i Tyskland til Drøpping scene på Tingvoll? Svar: Det oppstår magi.
Møtet med Ketil Bjørnstad 9. april er ei av dei sterkaste kulturopplevingane eg nokon gong har hatt.
I løpet av kort tid har Retrofabrikken, Ole Magne Ansnes og Dag Eirik Elgsaas, klart det kunststykket å hente to kunstnarar frå den ypperste eliten til Tingvoll. Ikkje lenge før Bjørnstad var jazzbassisten Arild Andersen på besøk. Saman med musikarar som Jan Garbarek, Terje Rypdal og Jon Christensen – og med vokalisten Karin Krog – var han med på å skape det som tidleg på 70-talet skulle bli eit stort internasjonalt gjennombrot for norsk jazz.

Eg hadde billett til Andersen-konserten også. Det ville seg slik at eg måtte melde avbod. Men Ketil Bjørnstad fekk eg med meg. Eg kunne også seie takk for sist til han. Etter ein konsert på Sunndalsøra i 2009 var eg så heldig å få ein lang prat med Bjørnstad over litt mat og kvitvin. Det er ein samtale eg aldri gløymer.
Da vi møttest på Tingvoll hugsa han faktisk samtalen vårt. Det var sjølvsagt artig. Samtidig trur eg Ketil Bjørnstad hugsar dei fleste han kjem i kontakt med, så oppriktig interessert i andre menneske som han heilt tydeleg er. Han er ein usedvanleg hyggeleg mann.
Eg har kome til at eg gjennom åra har fått med meg fire konsertar med Ketil Bjørnstad. Den første var på Tingvoll i 1973, omtrent på same tid som han ga ut debutplata «Åpning». Da vi no møttest i den same bygda 52 år seinare, kunne vi konstatere at begge også hugsa kvelden i 1973.

Seinare på 70-talet var eg i salen under ein Bjørnstad-konsert i Volda. Så kom den nemnte konserten i 2009 og no til slutt altså Tingvoll på nytt.
Drøpping scene, der det i mi gymnastid var bokhandel, var fylt til siste stol av 70 tilhøyrarar frå ti forskjellige kommunar denne onsdagskvelden. Vi møtte ein raus og imøtekomande kunstnar som ga av seg sjølv, først gjennom eit meisterleg regissert intervju med broder Ole Magne, og deretter i ein formidabel pianokonsert der vi fekk vere med på ei reise gjennom Bjørnstad sitt musikalske landskap.
Sidan 1972 har Ketil Bjørnstad gitt ut over femti bøker og meir enn sytti plater. Det er ein produksjon av eit heilt ubegripeleg omfang. Og her er det ikkje snakk om lettvint masseproduksjon. Alt som kjem frå denne mannen si hand, anten det er musikk eller litteratur, er gjennomført genialt. Sjølvsagt er han ein av våre største nolevande kunstnarar.
Etter konserten gjekk vi ut i vårkvelden fylt av ein nyerverva rikdom som vil vere med oss for alltid. Eit minne for livet, var det fleire som sa. Ja, det var verkeleg det.
