Ingenting er enklare enn å sitte på utsida og slenge med leppa

Hustadvika kommunestyre samla til møte i november i fjor.

Lokalpolitikarane våre har frivillig stilt seg til disposisjon, og må vere førebudd på alle dei utfordringar som følger med det å vere folkevalt. Det trur eg da også at alle som sit i kommunestyra rundt om i Norge er klar over.

Så har det seg slik at desse menneska får utruleg mykje kjeft og kritikk. Av og til er kritikken berettiga. Men ofte går det over stokk og stein med urimelege påstandar, skuldingar og personkarakteristikkar.

Sist veke dekte eg kommunestyremøtet i Hustadvika, der to ungdomsskular og ein barneskule vart nedlagt. Før møtet snakka eg med ein representant som fortalde at han hadde sove dårleg natta før møtet. Han opplevde det som svært krevjande å balansere omsynet til ein kommuneøkonomi i krise på den eine sida og tanken på dei som ville få ein vanskelegare kvardag ved skulenedlegging på den andre.

Vi burde oftare tenke over at politikarane ikkje tar ubehagelege avgjerder for moro skuld. Dei gjer det fordi dei må. Ikkje sjeldan kostar ansvaret meir enn det smakar.

Eg ser at det bles opp til ein heftig skuledebatt også i heimkommunen min Surnadal. Eg skal ikkje ta stilling til sjølve saka, men berre seie at eg anar dei same tendensane til personangrep og usakleg debatt som i Hustadvika. Det er utruleg kva privatpraktiserande kommunedirektørar og kommunestyrerepresentantar får seg til å skrive på sosiale media.

Stopp i tide, og bruk vett. Eller eventuelt: Prøv sjøl. Vi får verken meir kompetente politikarar eller eit bedre samfunn av å gjere våre folkevalte til mobbeoffer.

Lokalpolitikarane stiller opp for fellesskapet. Dei gjer ein innsats for deg og meg. Og – det er eg sikker på: Alle gjer sitt beste.

Ingenting er enklare enn å sitte på utsida og slenge med leppa.

Kommenter innlegget