
Vinteren som aldri vart til noko, har vorte til vår. Det regnar og bles. Dag ut og dag inn.
Påska nærmar seg også. Ein aldrande mann førebur seg mentalt på bering av proviant til hytta i år. Skal det bli skutertransport no, må det kome eit ver- og føreomslag som ingen har sett maken til.
Men eg har bore sekkar opp liene før, for å seie det slik. Eg rekna ein gong ut at eg har frakta i alle fall sju tonn, og truleg meir, med proviant og utstyr på ryggen i løpet av dei 33 siste åra. Så litt kroppsøving før påske skal nok gå bra. Alt tar berre lengre tid enn før.
For påske på Tæla må det bli, sjølv om eg skal feire høgtida åleine i hytta. Med unntak av koronaåret 2020, har det vore folk i Tælastuå alle påskehelger sidan 1993. Ei hoftereparert Mette lyt vente litt til. Ho kjem sterkt tilbake i mai.
Elles er vinteren på retur. Ikkje berre i år, men også i det store bildet. Kanskje kjem det skikkelege snøvintrar i ny og ne i framtida. Svingningar vil det alltid vere. Men den lange trenden er klår og vitskapeleg dokumentert: Det blir mindre og mindre snø. Lengda på vintrane krympar ubønhørleg.
Hytteeigarane på Tæla begynner å dra på åra. Liene blir brattare for kvart år. Det gjeld spesielt nedover på vinters tid. Forsvinn snøen for godt, kan vi kanskje nyte det gode liv på hytta til vi blir hundre. Det er for så vidt ei lysteleg utsikt. Men bakteppet er dessverre beksvart, med tanke på nye generasjonar som i framtida må ta dei verkelege konsekvensane av karbonfesten.
Det ser altså ikkje så bra ut for skutertransporten. Men Mette, som alltid er i forkant, har kassane med proviant ferdigpakka i tilfelle eit mirakel og utrykking på kort varsel. Det gjeld å vere optimist, trass alt.
Og det blir heilt sikkert ei fin påske.