
Finst det så mykje som ein einaste grunn til å fortsette å sjå på skihopping? Ja, sjølvsagt. Det finst tusen, minst. Verdas flottaste idrett skal gjenreisast. Da kan ikkje vi som har vore med i tjukt og tynt gjennom eit heilt liv svikte no.
Ekte fotballfans forlet ikkje laget sitt, uansett kva som oppstår av skandalar og sportslege nedturar. Liverpooltilhengarane kjem til å messe på sitt YNWA til lenge etter dommedag. Vi som likar skihopping må tenke på same måten.
Men, hjelpe meg, akkurat no ser det svart ut. Veka etter VM i Granåsen har vore smått absurd. Hoppsporten vart i løpet av få dagar redusert til ein rykande brannruin.
Ein fleire tiår lang ukultur med fusk og tøying av grenser kulminerte med at Norge vart tatt med buksene nede. Det finst inga unnskyldning. Andre land har heilt sikkert gjort det same i lange tider. Men det må kome i andre rekke. No handlar alt om å feie for eiga dør, og restarte norsk hoppsport. Så får utlendingane sørge for sitt.
Eg er skuffa, forbanna og fortvila. Mange har det på same måten. Vi er lurt. I verste fall står norsk hoppsport no framfor ei ørkenvandring lik den finnane er inne i. Det betyr mange år med dårleg rekruttering, svak økonomi, null utvikling og kulhopping.
Får vi sjå Forfang og Lindvik i bakken igjen? Tanken har streifa meg mange gongar den siste veka. Talar dei sant når dei hevdar si uskuld, kan det bli tungt å reise seg etter eit slikt svik frå støtteapparatet. Visste dei, risikerar hopparane ein fortent suspensjon i fleire år. Eit scenario er også at Forfang og Lindvik blir straffa, sjølv om dei har vore uvitande. Grunnen er at utøvarane sit med eit objektivt anvar for det utstyret dei brukar.
FIS har fått ei formidabel oppgåve i fanget. Heile det internasjonale hoppmiljøet framstår som ein råtten pøl av snikfilming, skitkasting, rykte og mistenkeleggjering. Ein ven av meg arbeidde som frivillig i hoppbakken under VM. Han fortalde korleis leiarane frå Slovenia, Polen og Østerrika jubla uhemma da Forfang og Lindvik vart diska. Det seier alt.
Dessutan må alle land granskast. Gjer FIS ein skikkeleg jobb her, blir det fleire enn Norge som får sitt å stri med..
Apropos det å tøye grenser: Skihopping er ikkje noko særtilfelle. Eg er veldig interessert i fotball, men må bite i meg at ein fotballkamp i realiteten er eit 90 minutt langt forsøk på å bryte reglane. Uthaling av tid, påverking av dommaren, halding, knuffing, tjuvtriks, ufine kommentarar, primitivt skuespel, steling av meter på kvart eit innkast og frispark – alt dette er i realiteten strekking av grenser i ekstremklassen. Ukulturen er sjølvsagt med på å påverke resultatet i mange kampar.
Men det er i anna sak.
Det er Raw Air i Vikersund. Eg skal sjå på damene. Så får dei mannlege hopparane ha meg unnskyldt denne helga. Eg kjenner det er nødvendig med ein liten timeout., før eg kjem sterkt tilbake.
Om ni og ein halv månad startar Hoppuka.