Mobbarane på Øye skule og i Washington, D.C.

Øye skule ligg midt på bildet, som er tatt på 60-talet. (Foto henta frå Facebook-sida Surnadal i bilder).

Ordet mobbing var enno ikkje kome inn i det norske språket. Men også da eg og mine jamaldringar gjekk på barneskulen på 60-talet var det mobbing. Ikkje så reint lite heller, til tider. Også enkelte lærarar dreiv med mobbing. Men det er ei anna historie, som eg skal la ligge her.

Mobbarane i elevflokken var ikkje så mange. Men det var nokre som utnytta si fysiske styrke til å gjere omtrent det dei ville med ofra som dei hadde sett seg ut. Når den verste plageånda i min årgang kom og fuska til seg alle klinkekulene våre, var det berre å halde kjeft. Den som protesterte, fekk seg ein omgang juling. Slik heldt dei på. Og det måtte vi berre finne oss i.

Rundt seg hadde kvar av mobbarane sin vesle heiagjeng. Det var uslingar som ikkje var mykje tess på eiga hand, men som i selskap med med føraren ikkje gjekk av vegen for å tøffe seg. Dette var dei nedrige feigingane.

Da eg så seansen i Det kvite huset, der president Donald Trump og den hjernedaude lakeien hans fornærma Ukriana sin president på det grovaste, kom eg til å tenke mobbesituasjonane frå åra på barneskulen. Nøyaktig dei same mekanismane var i sving.

Sjefsbølla, president Trump, gjekk i front og sette standarden. Eit stykke ute i seansen kom visepresident Vance krypande, i trygg forvissing om at dess meir han drog Zelenskyj ned i søla, desse fleire poeng scora han hos den narssisistiske sjefen sin. Han kunne seie akkurat det han ville. For han var ein del av overmakta og dermed uangripeleg. Ein drøymeposisjon for folk utan ryggrad og integritet.

Mobbarane på Øye skule gjekk rundt i gummistøvlar og heimestrikka genserar, og hadde ikkje anna makt enn den fysiske styrken dei var utstyrt med. Stort sett vart det folk av dei. Trivelege karar, til og med. Hyenene i Washington, D.C. ber dress og raude slips. Dei er er dei to mektigaste personane i verda, og har tilgang til atomvåpen. Ingen av dei har fått utdelt eit einaste fiber av normalt intellekt eller empati.

Det er langt frå Øye skule på 60-talet til Det kvite huset anno 2025 i ein kvar forstand. Men sjølv om det er seksti år mellom desse mobbarane, har dei ein ting til felles: Den som legg seg ut med dei, risikerer å bli hardt straffa.

Kommenter innlegget