Fotoglimt mot mørke tankar

Det er dystre tider. Mediene er fulle av dommedagsprofeti. Verda blir styrt av utilreknelege bandittar, som kun er opptatt av seg sjølv og eiga makt. Ein kan bli nedstemt av mindre.

Eg kom til å ta eit sveip gjennom bilda på telefonen min. Det slo meg at her var det, i motsetnad til verda rundt oss, mykje god stemning og trivelege motiv. Eg tenkte: Kvifor ikkje lage ein blogg, med eit utval foto som kanskje kan lokke fram positive tankar og litt feelgood hos dei som måtte lese dette?

Som tenkt, så gjort. Bildet over er tatt på Nordneset sist søndag. Eg gjekk den flotte kyststien utover mot fyret, og kjente at vårstemninga kraup inn i kropp og sjel. Jau, vi går mot lysare tider.

Under kjem ein bildeserie frå det siste året, som det i alle fall var triveleg å sette saman. Vart du i betre humør av dagens blogginnlegg, er det ein fin bonus for både meg og deg.

Lunsj på Kyststien i Bud 22. februar. Vi er berre nokre få hundre meter uinna huset vårt.
Proviant og anna utstyr på plass på Tæla. Skuterkøyring 9. mars. Alltid godt å få denne turen unnagjort. Ver og føre er mykje meir ustabilt enn før.
Idyll i Bud. Vakrare enn dette blir det ikkje. 3. april.
Alltid kjekt å ta seg ein oslotur. 14. april var ein fin vårdag i hovudstaden.
Ein god latter forlenger livet. Fornøyeleg møte med Ken André Ottesen og BAdesKen i Molde 4. mai.
Tur til Tau. Idyll ved Krossvatnet 20. mai.
Molteblomst på Tæla 26. mai. Men vart det molte? Nei! Uansett eit triveleg syn.
Spreke pensjonistar på tælabesøk 25. juni. I steikande varme tok vi oss opp til Fintenkjarplassen.
Solnedgang på Tæla 13. juli. Slike kveldar lever ein lenge på.
Kretatur i august. Vakre Episkopi gjer inntrykk, med eit folkeliv og ein byggeskikk som ligg milevidt unna det vi er vande med.
Kretatur i august. Stamplassen vår. Her har vi gode dagar.
Kortreist turoppleving. Vevang kystfort 21. september.
Krabbelag for to 28. september. Alltid gjevt når det er tid for krabbe.
Haust på Tæla. 18. oktober var ein praktfull dag.
Det går mot jul. Ingen tvil! 1. desember.
Det vart nyttårskveld for to. Vi greidde oss godt.

Kommenter innlegget