Ja, vi har grunn til å vere redde

Kva skal vi tru om framtida? (AI-generert illustrasjon).

«Om Trump held fram som han seier, får vi etter kvart ein debatt som er viktigare enn strømprisdebatten».

Det skreiv ein klok ven av meg på si Facebook-side den 2. februar. Snart tre veker seinare kan vi slå fast at analysen var rett. Den nye amerikanske administrasjonen har i løpet av ein månad klart å snu opp ned på dei fleste tradisjonelle oppfatningar om korleis denne verda skal sjå ut.

Norge er ein del av dette. Over natta har våre politiske leiarar fått utfordringar i fanget som dei neppe i sine verste fantasiar hadde sett for seg at skulle kome. Partipolitikk høyrer ikkje heime på Fintenkjarplassen. Men eg har likevel lyst til å gi ros til statsministeren og utanriksministeren for måten dei handterar situasjonen på. Begge utstrålar ro, oversikt og kunnskap – som er akkurat det vi no treng. I den krisa som verda er inne i, er det også godt å sjå kor konstruktive og saklege representantar for posisjon og opposisjon er når når dei møtest til debatt. Det norske demokratiet fungerer.

23. januar, tre dagar etter at Donald Trump vart innsett, skreiv eg eit innlegg på Fintenkjarplassen under overskrifta «Har vi grunn til å vere redde»? Svaret mitt var: «Allereie få dagar etter innsettinga ser vi at 2016-utgåva av Trump var ein lightversjon av det ustabile monsteret som no stig inn på arenaen. Vi må belage oss på ei ny tid, der mektige USA blir styrt av ein narssistisk galning med sans for diktatur og antidemokratiske metodar». Og vidare: «Har vi grunn til å vere redde? Eg veit ikkje. Men det er grunn til å kjenne på uro, noko mange også gjer».

Ein kan nesten tru at eg har profetiske evner. Det stemmer ikkje. Men akkurat her trefte eg bra.

Spørsmålet var: Har vi grunn til å vere redde? Etter ein månad med Trump, Vance og Musk er det lett å svare eit klårt ja. Og eg møter stadig folk som har det på same måten. Det er noko heilt nytt. For første gong i mitt liv snakkar eg med vaksne menneske som rett ut seier at dei fryktar at verda skal gå av hengslene og at vi får ein ny storkrig.

Det mest absurde er at denne gryande redsla er skapt av den amerikanske presidenten. Presidenten i det mektige landet som alltid har stått opp som garantisten vår når trugande vindar har kome frå aust. No er alt forandra. Dei mest skremande kastevindane kjem frå ein narsissistisk og maktsjuk lystløgnar i vest.

Vi visste at mykje kunne kome til å skje ved eit Trump-comeback. Men ingen hadde vel forestilt seg at han skulle gå til direkte angrep både på den regelstyrte verda og sitt eige statsapparat. I tillegg har han kome med utilslørte truslar mot Danmark, Canada, Panama og Mexico, og han har heilt tydeleg planar om å svikte Ukraina. Nato-alliansen kan i verste fall kome i spel.

Vi lever i ei tid der USA sine fremste leiarar opptrer som logrande, nyttige idiotar for Russland, og heller snakkar med nynazistar enn med kanslaren når dei besøker Tyskland. Eg veit ikkje om jubel er vanleg i Kreml. Men dei tar seg nok ein vodka eller tre ekstra både Putin og Lavrov for å feire det som skjer i USA.

I Norge er det mange som heiar på galskapen. Det gir grunn til ettertanke, for å seie det mildt.

Donald Trump har vore president i ein månad. Han har 47 månader igjen. Gudane må vite kva vi har i vente. Men uansett kor godt eller dårleg dette måtte ende, kjem verda etter Trump aldri til å bli den same. Fordi vi har sett at alt det som fram til no har verka trygt og stabilt, under gitte omstende er skjørt som berre det. Etter Trump sine dagar kan ein ny trumpist kome inn på arenaen før vi veit ordet av det. USA er eit sjukt samfunn. Det er ein ny premiss.

Utan at eg er nokon ekspert, spår eg at det skrekkteatret som no utspelar seg på den verdspolitiske scenen vil skape eit stemningsskifte også i den norske opinionen. Det vil ikkje overraske om trongen til åleinegang og dyrkinga av det nasjonale blir avløyst av trua på sterkare overnasjonale fellesskap og enda meir forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene. Mi heilt personlege oppfatning er at det blir heilt nødvendig, om vi skal berge dei grunnleggande verdiane som siviliserte demokrati bygger på.

Det er ikkje sikkert at straumprisen blir den viktigaste saka i den komande valkampen.

Kommenter innlegget