
I ei tid med minkande elevkull står skular for fall. Det gjeld både grunnskular og vidaregåande skular. Rundt om i Norge pågår det mange smertefulle nedleggingsprosessar, forårsaka av nedgang i elevetalet og kommunal fattigdom.
Dette betyr at 16-åringar på bygdene igjen må flytte på hybel for å gå vidaregåande skule, slik det var før den store utbygginga av vidaregåande skular utover 70- og 80-talet.
Eg kjem til å tenke på gymnastida mi på Tingvoll, som starta hausten 1972. Eg var ikkje meir enn 16 år. På den tida måtte dei som ville fortsette skulegangen etter ungdomsskulen ut av bygda. Utanom folkehøgskulen, fanst det ikkje tilbod i Surnadal. Slik var det i dei fleste kommunar. Hybelliv for 16-åringar var heilt vanleg.
Storparten, om ikkje alle, greidde denne overgangen til å stå på eigne bein godt. Men det var ei anna tid. Å flytte heimafrå i så ung alder i dag inneber heilt andre utfordringar. Eg har ikkje problem med å forstå dei sterke protestane mot nedlegginga av den vidaregåande skulen i Lom. Når skulen forsvinn her, må ungdommane frå kommunen enten pendle 12-13 mil med buss til og frå Otta kvar dag eller flytte på hybel.
Tingvoll gymnas var i 1972 ein stor skule. Her var det elevar frå Rindal i nord til Vanylven i sør. Eg skal ikkje påstå at gymnaset på Tingvoll hadde elevar frå kvar einaste kommune i Møre og Romsdal. Men det kunne ikkje vere langt unna.
Den gongen var det skule på laurdagar. Det betydde at svært mange av elevane ved skulen på Tingvoll ikkje hadde moglegheit for å reise heim i helgene. Vi som kom frå Surnadal, eller sunndalingane, var heimkomne berre ein time eller to etter at skulen slutta klokka to laurdag ettermiddag. På 70-talet gjekk det busslastar med elevar til Tingvoll frå både Surnadal og Sunndal.
Å bli hybelbuar som 16-åring var ein stor overgang. Men for eigen del lika eg det nye tilværet godt frå første dag. Eg budde dei to første åra hos Johanne og Harald Rolland på Saghøgda. Dei tok seg godt av meg. Johanne vaska hybelen min kvar veke. Hadde eg lyst til å sjå TV, var det berre å kome ned i stua. Leiga var 80 kroner pr. månad. Siste året losjerte eg på Stykket hos Ellen Rimstad. Ho var og ei utruleg triveleg hybelvertinne, som sørga for reinhald og orden i residensen.

Omsorg for hybelbuarane var i det heile svært vanleg på Tingvoll. Skuleelevane budde på loft og i kjellarstuer hos private. Dei som kom seg heim berre nokre for gongar i løpet av skuleåret vart ofte nesten som familiemedlemmar å rekne.
Elevmassen var så stor at det var ikkje husrom til alle i Tingvoll sentrum. Før hybelhuset kom på slutten av gymnastida mi, budde det elevar på hybel rundt om i heile Straumsneset, i Torjulvågen, på Vågbø, Meisingset og Skar. Ikkje anna enn eg hugsar, heldt eit par moldegutar til på eit loft inne i Sandneset, som er den siste garden før grensa til Sunndal.
Tidleg på 70-talet var gymnaset på Tingvoll prega av eit rikt organisasjonsliv. Ikkje minst var dei politiske ungdomspartia aktive, med SUF (frå 1973 Raud Ungdom) som mest dominerande. Mange var dei som gjennomførte gymnaset i blind tru på at Mao og Pol Pot var verdas redningsmenn.
Det var mykje å vere med på. Med jamne mellomrom fekk gymnaset besøk av kjente artistar. Dette var store høgdepunkt. Eg hugsar Aunt Mary, Popol Ace, Prudence, Ruphus, Georg Keller, Terje Rypdal, Ole Paus, Ketil Bjørnstad og mange fleire. Aunt Mary spela for øvrig så høgt at folk som gjekk kveldstur på andre sida av Tingvollvågen meinte at dei kunne høyre teksten. Vi som var på konserten, vandra heim med øyresus og skolten full av høgfrekvente pipetonar.
Når ein i dag høyrer korleis skuleelevar strir med skyhøg husleige og veksande kostnadsnivå, står dette i sterk kontrast til det ein gymnasiast på Tingvoll opplevde for femti år sidan. Månedsleiga for hybelen var altså 80 kroner, som i dag tilsvarar om lag 730 kroner. Ein middag på Vidsyn kafeteria kosta 6-7 kroner. Ville ein flotte seg litt, gjekk turen til Sortdal hotell. Der kosta middagen ni kroner. I ungdomshuset Høglia, som seinare brann ned, var det kino onsdag og søndag. I alle fall onsdagane var det to forestillingar. Billettprisen var to kroner på den første forestillinga og tre kroner på den andre.
Åra på Tingvoll var ei fin tid. Den boklege lærdommen var sjølvsagt viktigast. Samtidig måtte vi lære oss å ta vare på oss sjølve. Ein livsvarig ballast vart gode venskap, samt dei mange minna frå det sosiale miljøet blant dei som budde på eitt rom utan kjøkken og bad.
Så får vi sjå kor lenge den vidaregåande skulen på Tingvoll overlever. Det har ikkje mangla på nedleggingsforsøk dei siste åra. Eg håpar det går bra, men sanninga er vel dessverre at framtida er usikker.