
Regjeringar kjem og går. Årsakane kan vere fleire: Ei regjering kan miste fleirtalet i folket ved val, eller bli kasta av stortingsfleirtalet midt i ein periode. Nokre regjeringar går i oppløysing på grunn av indre strid, medan andre kastar korta frivillig. Variantane er mange.
Når forventningsfulle statsrådar no togar inn i regjeringskontora etter Senterpartiets exit, kjem eg til å tenke på den første norske regjeringskrisa etter krigen. I 1963 gjekk Einar Gerhardsen si regjering over ende som følge av Kings Bay-ulykka året før. Som sjuåring fekk eg ikkje med meg så mykje, men eg hugsar den dag i dag at namnet Finn Gustavsen var på mange sine lepper.
20. juni 1963 la granskingskommisjonen etter Kings Bay-ulykka på Svaldbard fram rapporten sin. Saka enda med regjeringa Gerhardsen sitt fall.
Einar Gerhardsen sin banemann var altså Finn Gustavsen, ein karismatisk politikar frå det da nystarta Sosialistisk Folkeparti (SF). SF kom inn på Stortinget med to representantar i 1961. Arbeidarpartiet oppnådde for første gong etter krigen ikkje reint fleirtal, og måtte støtte seg på SF. I stortingsvoteringa om Gerhardsen-regjeringa sin lagnad etter Kings Bay-saka, slutta SF seg til dei borgarlege, og sikra fleirtall for mistillit. Det var eit politisk jordskjelv.
Norge fekk tre veker med John Lyng (H) som statsminister. Statsministerperioden hans vart altså kort. Men i eit historisk lys framstår den som viktig. Regjeringa Lyng viste at dei borgarlege kunne etablere eit regjeringssamarbeid. Slik var både John Lyng og SF med på å bane vegen for Per Borten si firepartiregjering i 1965.
Men tilbake til Finn Gustavsen. Han var nok ikkje utan hemnlyst overfor Arbeidarpartiet. I januar 1961 vart han og kretsen rundt den radikale avisa Orientering, der Gustavsen var redaktør, ekskludert frå Ap. Dei var sterkt kritiske til partiet si utanrikspolitiske line, og var motstandarar av norsk NATO-medlemskap. Dette var meir enn kva Ap-toppane, med den svært USA-vennlege og allmektige partisekretæren Haakon Lie i spissen, kunne tolerere.
Dei ekskluderte kvitterte med å stifte eit nytt parti, og hamna i vippeposisjon i Stortinget på første forsøk etter valet i 1961.
I 1969 fall SF heilt ut av Stortinget etter to periodar. Men allereie i 1973 var Gustavsen tilbake som representant for det nystarta Sosialistisk Valgforbund. Dette var ei samanslutning av Sosialistisk Folkeparti, Norges kommunistiske parti og gruppa Demokratiske sosialistar (AIK). I etterdønningane etter EF-avrøystinga året før, fekk det nystarta partiet inn heile 16 representantar på Stortinget. Sosialistisk Valgforbund skifta i 1975 namn til Sosialistisk Venstreparti, i dag stort sett berre omtala som SV.
Finn Gustavsen gjekk ut av Stortinget for godt i 1977. Dei fleste som var opptatt av politikk i dei åra han var aktiv, vil hugse han som ein fargeklatt. Han var uredd, skarp i replikken og klår i tanken. Dette var for øvrig eigenskapar han delte med fleire av sine samtidige. Det er nok å nemne namn som Jon Leirfall (Sp), Bent Røiseland (V) og Guttorm Hansen (Ap). Eit sitat etter Gustavsen lyder slik: «Ein politikar er ein person som er så tjukkhuda at vedkomande kan halde seg oppreist sjølv om han manglar ryggrad».
Finn Gustavsen døydde i 2005, 79 år gammal. Han var ein markant og populær skikkelse i norsk politikk på 1960- og 70-talet. I historiebøkene vil han for alltid stå som sosialisten som skaffa Norge den første borgarlege regjeringa etter andre verdskrig. Gustavsen slo igjennom som rikspolitikar samtidig med at utbygginga av fjernsynet tok til. Som Store norske leksikon skriv: «Han lærte seg raskt å bruke det nye mediet. Hans personlige popularitet var langt større enn den tilslutningen hans eget parti SF oppnådde».