
Fintenkjarplassen fyller ti år. 1. februar 2015 vart det første innlegget på bloggen publisert. Inkludert denne epistelen, har eg i løpet av desse åra publisert 342 artiklar.
Innhaldet kan ein vel seie er variert. Hyttelivet på Tæla er utgangspunkt for ein god del av innlegga. Musikk har det vore innslag av, og det finst sikkert lesarar som vil hevde at eg ved enkelte høve har fremja politiske synspunkt. Elles har eg skrive om ting som opptar meg. Nokre av innlegga har vorte til veldig spontant. Ut frå plutselege innfall har eg publisert bloggar på flyplassar, inne i fly, på hotell, på stranda på Kreta, ute i naturen og andre ulike stadar.
I mine rundt 38 år som redaktør høyrde det til jobben å skrive leiarar og kommentarar. Slik ser det ikkje ut til å vere lenger. Kva eg meiner om akkurat det kan eg kome tilbake til ein annan gong. For min del vart det rundt 6.000 meiningsytringar i leiar- eller kommentarformatet gjennom åra som redaktør. Det var fantastisk artig å halde på med. Etter kvart meldte det seg likevel eit behov for ein ny arena, der eg kunne gå utanfor avisa sine rammer. Slik vart bloggen Fintenkjarplassen til.
Eg les det første innlegget, og ser at det var skrive på bokmål. Grunnen er nok at den opprinnelege tanken var å bruke både bokmål og nynorsk på Fintenkjarplassen. Men raskt kom eg til at bloggen var eit godt eigna instrument for å slå eit slag for nynorsken. Eg har alltid vore opptatt av språk. Og nynorsken treng eit spesielt vern.
Eg er veldig glad for at eg tok denne beslutninga, som eg i boka «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen» omtalar som eit språkpolitisk verdival. Responsen frå språkidealistar som kjempar for nynorsken sin plass i den norske skriftkulturen vermer. Verdivalet gjorde også at eg og det nynorske språket vaks tettare saman. Av det eg i dag publiserer i aviser, bøker, julehefte og på digitale plattformar er nynorsken i klår overvekt. Eg ser no at nynorsken lokka fram språklege årer i meg som eg før ikkje visste at fanst.
I fleire samanhengar har eg forklart opphavet til namnet Fintenkjarplassen. For å ta korversjonen: Fintenkjarplassen er eit utsiktspunkt like ved toppen av fjellet Middagshaugen, som ligg berre ein kort marsj frå hytta vår på Kvennbøtæla. Inspirert av utsikten ut over fjell og dalar, begynte eg å kalle plassen Fintenkjarplassen. Og no er det ikkje berre eg som brukar dette namnet. For ein del eidsbygger ser det ut til å ha glidd inn i daglegtalen
Lesartala på bloggen varierer sjølvsagt, men har jamnt over vore langt høgare enn det eg såg for meg da eg starta med dette. Eg får vel vere så naiv å tru at dersom folk fann bloggen heilt meningslaus, ville interessa ha vore noko mindre. Takk til alle som les!
Skrivinga sit i ryggmargen på meg. Eg har ingen planar om å slutte. Ved 20-årsjubileeet til Fintenkjarplassen vil eg nærme meg dei åtti. Det trur eg må vere ein ein perfekt alder for ein bloggar.
Eg ser ikkje anna råd enn at det i første omgang lyt bli 342 innlegg til.
Dette innlegget frå desember 2019 er det mest lesne på Fintenkjarplassen:
Den problematiske jula