Har vi grunn til å vere redde?

Før i tida var det for folk flest i Norge ikkje så veldig nøye kven som var amerikansk president. Vi visste at uansett kven som hamna i det ovale kontoret i Washington, D.C., ville det vere ein president vi kunne kjenne oss trygge på.

No er alt forandra. For andre gong har folket i USA, utruleg nok, valt Donald Trump til president i landet.

Allereie få dagar etter innsettinga ser vi at 2016-utgåva av Trump var ein lightversjon av det ustabile monsteret som no stig inn på arenaen. Vi må belage oss på ei ny tid, der mektige USA blir styrt av ein narssistisk galning med sans for diktatur og antidemokratiske metodar. Berre tanken på at dette pudra og brunsminka presidenttrynet dagleg skal smørast ut over TV-skjermane våre dei fire neste åra er kvalmande.

Har vi grunn til å vere redde? Eg veit ikkje. Men det er grunn til å kjenne på uro, noko mange også gjer. Dei første dagane med Trump som president har vore illevarslande. Straumen av presidentordrar viser oss ein politikk basert på nasjonalisme, isolasjonisme, intoleranse og ein heilt fråverande respekt for den etablerte verdsordenen. Trump sitt politiske og etiske kompass er hans eige grenselause ego.

Professor i stasvitskap, Bernt Hagtvedt, hevdar i ein kronikk i Aftenposten at løgna er Trump sin viktigaste arbeidsmetode. Presidenten sine grunnleggande motiv er hevn og sjølvdyrking.

Hartvedt skriv:

«Hans psykologniese Mary Trump skrev om hans bøllete personlighet: På grunn av en dysfunksjonell oppvekst er Trump en brønn av oppmerksomhetstrang, koblet til en sjelden varhet for krenkelser. Han elsker smiger, og ubetinget lojalitet er et eksistensvilkår for ham.

Dette er en eksplosiv blanding. Aggresjon er gjerne utgangen på slike personlighetstrekk, sjalusi er tvillingbroren.

Som alle selvdyrkere bader Trump seg i egosentrisitet. Vi har hans egne ord for at han ser seg selv som genial. Veldig genial. Klovner mener ofte det.

Som alle selvdyrkere er han også immun mot kritikk. Hans egen dømmekraft – svøpt i et hjelpeløst og begrepsfattig språk uten noen dypere resonnementer – er hans ledestjerne. Hans oppmerksomhetsspenn er usedvanlig kort, leser man.»

Den amerikanske presidenten går til krig mot innvandrar frå Mexico. I strid med Grunnlova vil han avskaffe retten til statsborgarskap for born av udokumenterte innvandrar. Han avlyser det grøne skiftet og trekker USA på nytt ut av Parisavtalen. USA skal ut av Verdas helseorganisasjon og det skal byggast tollmurar. Han sender ut signal som sprer frykt blant skeive og transpersonar. På toppen det heile har han tenkt å annektere Grønland og sikre seg Panamakanalen. Den gale mannen i Det kvite huset er også open på at Canada burde ha vore ein stat under USA.

«Straumen av presidentordrar viser oss ein politikk basert på nasjonalisme, intoleranse og ein heilt fråverande respekt for den etablerte verdsordenen»

Det som kanskje sjokkerer aller mest, er benådinga av 1.500 bandittar som storma Kongressen for fire år sidan. I straffedømte Trump si verd er ikkje desse 1.500 kriminelle, men uskuldig dømte «gislar». Blant dei benåda er Stewart Rhodes, tidligare leiar av militsen Oath Keepers, og Enrique Tarrio, tidligare leder av valdelege og høgreekstreme «Proud Boys». Begge var dømde til lange fengselsstraffar for si rolle i opprøret. No er dei på frifot og marsjerer på nytt i gatene i USA.

Mot dette bakteppet ser vi Elon Musk med si nazihelsing.

Er Donald Trump ein fascist? Mange ekspertar og kommentatorar meiner det. I ein kronikk i VG drar ein annan professor i statsvitskap, Tore Wig, ei samanlikning mellom Trump og visse leiarar som tok seg til makt i Europa på 1930-talet. Han skriv:

«For hvor har du hørt følgende beskrivelse før:

En personalistisk leder omgitt av en gjeng dyplojale høyreekstreme klakører innfører massedeportasjon (også av egne borgere), truer omverden med territoriell ekspansjon, angriper institusjoner for å konsentrere makt i egne hender, og lover at en ny gullalder er på trappene.

I kulissene gjør støttespillerne høyreekstreme hilsener, og uttrykker støtte til høyreekstreme over hele verden. Lederen har benådet en fascistisk mobb med voldspotensial fra fengsel.

Det høres ut som visse ledere i Europa på 30-tallet. Men det skjer altså i USA, verdens soleklart mektigste land, hvis hegemoni de siste 50 årene har holdt relativ orden i det internasjonale systemet.»

Meir enn halvparten av dei som stemte ved presidentvalet i USA meinte altså at Trump er den rette mannen til å styre dette sjuke samfunnet. Den som følger med på sosiale media, vil sjå at også mange nordmenn ser på denne mannen som verdas frelsar.

Det kan ein undre seg over. Men kanskje er det, ved nærare ettertanke, ikkje så rart likevel. Høgrepopulismen blomstrar i Norge på same måte som i USA og resten av Europa. Nasjonalismen og egoismen har betre kår enn på lenge i landet vårt, og klimakrisa sender vi i fanget til våre etterkomarar. Heller ikkje i Norge er det berre trygt å vere skeiv eller transperson. Fordommar og hat lever i beste velgåande. Det er kanskje ein dryg påstand: Men hadde Donald Trump kome til Norge og starta eit parti i dag, er eg redd han ville ha fått ein god del stemmer.

Vi hadde verkeleg trengt ein sterk og stabil person til å ta over rolla som verdas mektigaste leiar. I staden fekk vi ein mann som av uforklarlege grunnar er i lomma på Putin, og som i det meste av det han gjer og seier viser at han er intellektuelt underutvikla.

Det gir grobotn for så mange slags tankar.

Kommenter innlegget