
Kvelden den 16. januar bruka eg til å få med meg foredraget til Yama Wolasmal på Storyville i Molde. Han er NRK sin korrespondent i Midtausten. Vi var mange som hadde tatt turen til kulturhuset Plassen. Salen var stappfull, slik den også var i ekstraforedraget nokre timar før.
Sidan oktober i fjor har eg fått oppleve tre markante journalistprofilar på nært hald. Det starta med Magnus Takvam, NRK si pensjonerte kommentatorlegende. I foredraget på Storyville tok han utgangspunkt i den siste boka si, «Tett på makta». Takvam gav oss eit eit lærerikt og tankevekkande innblikk i den den politiske journalistikken.
Kort tid etter gjekk Fredrik Græsvik, også bokaktuell med utgjevinga «Skadeskutt», på scenen i Teatret Vårt. I motsetnad til den analytiske og forsiktige Takvam, er Græsvik ein journalistisk cowboy. Han har mangeårig erfaring som TV2 sin mann i dei farlegaste krigsområda i verda. Mirakulaust nok er han i live, vil den som har lese boka hans kanskje meine. Græsvik imponerte med kunnskap og forteljarkunst.
Kva det er med Yama Wolasmal kan eg ikkje definere. Men det er noko spesielt. Vi merkar det når han rapporterer frå krigsområda. Han har ei evne til å formidle som skapar ein eigen kontakt mellom journalisten og sjåaren. Yama Wolasmal får oss til å lytte og forstå.
Med si lågmælte og personlege forteljing greidde han å kome under huda til alle som sat i den intime Storyvillesalen. Stemninga var elektrisk. Folk sat som fjetra. Det er heilt utruleg at så mange menneske kan vere så stille. Eg veit nesten ikkje om eg har opplevd noko meir gripande.
Det var ei forteljing fri for storpolitiske analyser. I staden vart tilhøyrarane tatt med på nærgåande og usminka møte med menneske som er fanga av krigens grufulle røyndom. Yama Wolasmal gjorde heller ikkje noko nummer av at han har ein jobb som til tider er livsfarleg.
Vi vart først tatt med til Assad-regimet sitt berykta Saydnaya-fengsel i Syria. Der sat eller stod opptil hundre stuva saman på 25 kvadratmeter store celler, utan vindauge og ventilasjon. Toalettet var eit hol i murgolvet midt i rommet.
Så gjekk, naturleg nok, mykje av foredraget med til krigen i Gaza. Yama Wolasmal formidla historier som er så hjarteskjerande at ein nesten kan miste trua på mennesket som ein sivilisert skapning.
Foredraget vart avslutta med ein liten samtale mellom Yama Wolasmal og moldelegen Kjell Erik Strømskag. 73 år gamle Strømskag var i fjor haust på frivillig oppdrag i Gaza, der han arbeidde på eit av dei få sjukehusa som israelarane ikkje har lagt i ruinar. Gjennom karriereren som lege har Strømskag besøkt ei lang rekke med krig- og katastrofeområde rundt om i verda. Han hadde problem med å finne ord for å beskrive det han opplevde i Gaza.
– Om eg legg saman alt det andre forferdelege eg har sett, blir det i sum likevel ikkje like ille som Gaza, sa Strømskag. Han understreka kor viktig det er at Norge framleis har fullt fokus på denne katastrofen. Alt anna vil vere umoralsk og uanstendig.
Yama Wolasmal besøkte Molde samtidig med at våpenkvila mellom Israel og Hamas gjekk i orden. Det gjorde kvelden ekstra spesiell. Han var spent på om partane vil respektere avtalen, og påpeika at framtida for regionen er uviss. Kva skjer når perioden med våpenkvile er over? Vil avtalen vere eit første steg på veg mot fred? I tilfelle fred, kven skal styre Gaza? Og kan det bli ei tostatløysing?
Rekka av ubesvarte spørsmål er endelaus. Og kven skal betale gjenoppbygginga? Øydeleggingane i Gaza er ubegripelege. Berre oppryddinga etter israelarane si barbariske framferd vil ta rundt ti år.
Yama Wolasmal avslutta foredaget sitt med ein appell.
– Gå heim og gi ein klem til dine næraste. Det er ikkje alle som har moglegheit til det.
Foredraget utløyste ein lang og varm applaus. Deretter var det mange som nytta høvet til å få med seg ei signert utgåve av Yama Wolasmal si bok, «Det jeg så».
Det var ei prega forsamling som gjekk ut i vinterkvelden.