
Årsskiftet er tid for sjå både attover og framover. Vi skal lære av dei feila vi gjorde i fjor, samtidig som det er viktig rette blikket framover mot forbetringar og nye mål.
Dette blogginnlegget er ei slags privat oppsummering ved årsskiftet, skrive som eit nyttårsintervju med meg sjølv. Nyttårsintervju med ein deltakar er truleg ikkje så vanleg. Men for ein gammal bladfyk er det godt å for ein gongs skuld vere herre over både spørsmål og svar.
– Vi startar med å sjå tilbake. Eg har ein mistanke om at du har ein lei tendens til å blande deg borti altfor mykje. Er det noko av det du gjorde eller sa i 2024 som du angrar på?
– Eg har eit svært lite utvikla talent for å angre. Anger fører lite positivt med seg. Det betyr ikkje at eg ser på meg sjølv som ufeilbarleg, tvert om. Eg veit at det også i 2024 var mange situasjonar der eg med stort hell kunne ha tidd stille eller halde fingrane frå fatet – eventuelt begge delar. Desse feilgrepa er eg først og fremst oppteken av å lære av, meir enn å gå rundt og angre. Spørsmålet ditt får meg til å tenke på Aukrust-figuren herr Myrullbråten, som på 85-årsdagen sin vart spurt om det var noko han ville ha gjort annleis, om han fekk leve livet om igjen. Jubilanten svara da at han ville hatt midtskill. Det må vi vel kunne kalle å ha det godt med seg sjølv.
– Kan målet om å lære av eigne feilgrep vere ein veg mot å bli eit betre menneske?
– Absolutt. Men eg er redd at forbetringspotensialet i mitt tilfelle er noko avgrensa.
– Det må eg seie…
– Når ein stabukk som eg om ikkje lenge startar på mitt syttiande år, er nok tida inne for avfinne seg med at personlegdomen vart som han vart. No handlar det meir om å bruke det ein har opparbeidd av sjølvinnsikt til å handtere dei dårlege sidene ein er utstyrt med.
– Og det er du god til?
– Neppe.
– Er det høgdepunkt frå 2024 som du kan tenke deg å trekke fram?
– I grunnen var heile året eit høgdepunkt. Mette og eg lever stabilt og forutseieleg, utan dei store svingingane. Det er verken skyhøge toppar eller botnlause dalar. Eg er utruleg takksam for at vi kan ha det slik. Vi er opptatt av å gi kvardagane, som det er flest av her i livet, glede og meining. Så vil eg legge til: Også for den som er pensjonist er det viktig å gjere forskjell på kvardag og helg. Eg trur mange bommar litt her. Ein kan ikkje vralte rundt i joggebukse og slippers kvar dag heile året. Når vi kosar oss med ekstra god mat på fredagskveldane, set Mette alltid fram tallerknane med gullkant.
– Kva for eit terningkast vil du gi 2024, om vi avgrensar spørsmålet til den private sfæren?
– Det må bli seks. Eg har det bra på alle vis. Helsa har vore på stell for både Mette og meg. Vi har opplevd mykje triveleg i lag her heime i praktfulle Bud, på hytta og i andre samanhengar. Dei som betyr aller mest går det også godt med. Den næraste familien som vi har rundt oss er ikkje verdas største, men til gjengjeld den beste.
– Har du noko nyttårsforsett?
– Eg veit at det er bra for helsa mi å halde vekta på eit anstendig nivå og sørge for at kroppen får nok mosjon. Det tenker eg på, sjølv om det i periodar kan oppstå periodar med sprik mellom liv og lære. Lettast er det å halde seg i form i hyttesesongen. Regelmessige turar opp Kvennbøliene med 10-15 kilo på ryggen, samt all den aktiviteten som følger med hyttelivet på Tæla, hjelper godt på. Elles er det mi erfaring at nyttårsforsett er nokså verdilause. Men å starte med midtskill kunne kanskje vere ein tanke?
– Det vart mange hytteturar i 2024 også?
– Ja, absolutt. Mette og eg får mykje felles livskvalitet ut av hyttelivet. Ut på etterjulsvinteren går eg laus på den 34. hyttesesongen på Tæla. Mange forstår ikkje at det går an å finne lykka på ei veg-, vatn- og straumlaus hytte. Den einaste årsaka til det må vere at dei aldri har prøvd. I Tælastuå har tida stått stille sidan Peder Kvendbø bygde hytta for rundt 70 år sidan. For oss er det nettopp der magien ligg.
– Av og til stikk du til fjells i einsam majestet, på gutetur med ein deltakar. Er du ein einstøing?
– Strengt tatt har eg vel bruka heile livet på å skjule at det kunne eg lett ha vorte. Heldigvis rota eg meg borti denne journalistikken, som krev omgang med folk. Elles er det å trivast i eige selskap ikkje det same som å vere ein einstøing. Guteturane med ein deltakar er ein kombinasjon av fridom og stillheit som eg bestemt meiner gjer godt for både kropp og sjel.
– Kva seier Mette til egotrippane dine?
– Ho oppmuntrar meg til å halde på med dette. Eg har ei raus kone, som også likar å ha friminutt for seg sjølv.
– Eg registrerer at du i året som gjekk har vore ein aktiv frilanser i avisa Hustadvikingen. Den såg eg ikkje kome…
– Nei. Når sant skal seiast, var det vel heller ikkje akkurat dette eg seg såg for meg da eg gjekk av med pensjon i november 2020. Men da det viste seg at den nystarta avisa hadde bruk for meg, var eg lett å be. Restarbeidsevna på dette feltet var ikkje borte, slik eg trudde. Eg og redaktør Hilde er eit godt team. Aldersforskjellen mellom oss er så stor at eg kunne ha vore far hennar. Vi arbeider lett i lag, tenker likt reint fagleg og lærer av kvarandre. Det er både fascinerande og inspirerande. Vi har faktisk vorte gode vener. Eg gler med over å sjå at abonnementstalet veks jamnt og trutt, og at Hustadvikingen i løpet av berre kort tid har vorte ei avis å rekne med i det lokale mediebildet. Hilde gjer ein kjempejobb.
– Er det sunt for ein pensjonist å sove med telefonen på nattbordet med fare for å bli vekt av meldingar frå politiet eller andre naudetatar?
– Ja, eg meiner det.
– Fekk du lese noko i gamleåret?
– Meir enn eg hadde rekna med, faktisk. Eg les heile tida, kvar dag, men øktene kunne ofte ha vore lengre.
– Var det noko av det du las i fjor som gjorde spesielt inntrykk?
– Eg er glad du stilte akkurat det spørsmålet, som politikarane seier. Da får eg høve til å trekke fram møtet med Jon Fosse og Septologien. Eg trudde dette var tunge saker, men tok fullstendig feil. Over 1200 sider utan punktum gjekk som ein røyk. Fantastisk diktarkunst! Elles er eg glad i å lese biografiar. Det er ein fascinerande måte å lære historie på.
– Du ga sjølv ut ei bok i 2023. Blir det fleire?
– Tida vil vise.
– Eg kjenner deg såpass godt at eg veit at du er langt over snittet opptatt av musikk. Skjedde det noko på den fronten i fjor?
– Den digitale tilgangen på musikk har vorte så stor, at eg sjeldnare enn før kjøper plater. Men det vart nokre i fjor også.
– Kva høyrer du på no for tida?
– Eg har vel ein slags musikalsk grunnmur i den progressive 70-talsrocken, som eg framleis har glede og utbytte av å lytte til. Men mest tid brukar eg i godt vaksen alder på jazz og klassisk samtidsmusikk. Minimalisten Steve Reich kjem eg også ofte tilbake til. Det har vore ei lang og mangfaldig reise sidan den første platespelaren kom i hus i Utigard Kvennbø på slutten av 60-talet.
– Nyttårsintervjuet går mot slutten. Trur du det framleis er lesarar som heng med, slik at det har noko for seg å stille fleire spørsmål?
– Det verkar ikkje spesielt sannsynleg. Men sidan du overraskande nok ser ut til å ha førebudd deg, tykkjer eg vi skal ta oss tid til å avslutte slik du hadde tenkt.
Da kvesser eg til med eit stort spørsmål. Kva er håpet ditt for 2025?
– At alle krigsherrar anten blir styrta eller tar til vitet. Krigen i Ukraina er forferdeleg. Tusenvis av soldatar ofrar kvar veke livet sitt på det mest meiningslause vis. Sivile blir drepne og eit fredeleg land lagt i ruinar. Krigen mellom Israel og Hamas finst det knapt ord for å beskrive. Hamas sitt angrep på Israel kan ikkje forsvarast. Men i den grad hevn skal vere proporsjonal med angrepet, kan ein trygt seie at Israel har brote både folkeretten og krigen sine reglar. Eg har stor respekt for Bibelen. Isarelsvener brukar Det gamle testamentet for å finne rettferdiggjering av det som har vorte eit massemord på uskuldige born. Det går fullstendig over min forstand. I mi bok er Benjamin Netanyahu ein forbrytar på linje med Vladimir Putin, Josef Stalin, Adolf Hitler og Pol Pot, for å nemne eit lite utval diktatorar som har skrive seg inn i verdshistoria som brutale massemordarar og undertrykkarar.
– Ein del av det du skriv på ulike plattformar ber preg av eit visst klimaengasjement?
– Det kan nok stemme. Skadeverknadane av den globale oppvarminga er allereie synlege for alle som vil sjå. Og dette er berre forsmaken. Dokumentasjonen på at det trengs snarlege og kraftfulle grep er overveldande. Men så lenge både Norge og andre land plasserer klimafornektarar i leiande posisjonar i parlament og regeringskontor, går det som det går. Klimafornekting og nasjonalisme ser ut til å passe godt saman. Det er ein farleg kombinasjon. Komande generasjonar får ein stri jobb med å rydde opp etter oss.
– Det var da eit par kolossale salver. Har du vorte ein pessimistisk gammal gubbe?
– Nei, eg er grunnleggande optimist, også i skuggen av krig og klimakrise. Eg heiar på 2025. Det må vi alle gjere. Om ikkje så veldig lenge startar hyttesesongen.