Plutseleg vart eg ein av mange i huset

Desse trivelege nissane skapar julestemning i gangen.

Til kvardags er det berre ein nisse her i huset. No har vi vorte heile 113 i Robinsonmarka 26.

Mette likar nissar. Truleg er det hovudforklaringa på at ho ville gifte seg med meg. Eg greier i alle fall ikkje å finne andre sannsynlege årsakar. Når det lir mot jul, da held det likevel ikkje med berre meg. Da blir eg ein av verkeleg mange i huset. Heldigvis er eg ikkje av den sjalu typen.

Siste helga i advent gjekk med til å pynte. Eg må vel innrømme at eg slepp billeg unna. Einaste kravet er at eg hentar fram kassane med pynt frå boda oppe på loftet. Resten ordnar Mette sjølv – i år med god hjelp av julegjest Jorunn.

Berre reposet i loftstroppa er godt nok for denne gjengen. Slik er det kvart år.

Det er mange nissar i desse kassane. Veldig mange, faktisk. I år fann eg ut at vi måtte ha ei vareoppteljing da alle hadde kome på plassen sin. Finrekninga viste altså 112 nissar i ymse variantar og fasongar.

Desse feirar jul i sofaen i loftsstua. Dei likar å ha det fredeleg rundt seg.

Badet i andre etasje er det einaste rommet i huset som no ikkje er bebudd av minst ein julenisse. Da eg spurde Mette kvifor det ikkje er nisse på soverommet, fekk eg til svar der var det ein frå før. I alle fall kvar natt.

Det er triveleg å ha desse skapningane framme nokre få veker i løpet av året. Dei er nesten som andre familiemedlemmar ein treffer svært sjeldan. Det er kanskje drygt å bruke ordet gjensynsglede. Men det er faktisk ikkje så langt unna at det er akkurat det ein kjenner på.

Fire nysgjerrige nissar, som har frå toppen av skåpet har full oversikt over stua.

Når nissane er plasserte rundt om i huset, kjem også julestemninga. Dei har vorte ein del av Mette og mi si jul. Ingen av oss trur på julenissen. Men vi har stor tru på at det er viktig å skape skikkeleg jul i stua. Som kjent er det jul berre ein gong i året, og livet byr på flest kvardagar.

Denn staselege karen har funne plassen sin på den eine stereohøgtalaren i stua.

Kommenter innlegget