Stabbesteinar i livet

Advent og jul er rituala si tid. Julestria og feiringa av høgtida handlar om å gjere akkurat det same som i fjor. Og alle år før det igjen.

Store norske leksikon definerer eit ritual som ei «handling som har en symbolsk betydning og en stilisert form som gjentas bevisst fra gang til gang.» Sjølv om ritual eigentleg er eit religiøst omgrep, treffer leksikonet sin definisjon også godt som ei skildring av måten vi feirar jul på. Alt skal vere som før. Ein tullar ikkje med jula.

Mange av skikkane våre knytta til jul og advent er eldgamle, andre er av nyare dato. Den første adventskransen skal vere laga i Hamburg i 1839. Opprinneleg hadde kransen heile 28 lys. Kransar med fire lys, eitt for kvar adventssøndag, er kjent frå rundt 1860 i Tyskland.

Også adventskalenderen kjem frå Tyskland. Allereie på 1850-talet kom det sjølvlaga kalendrar. Dei første trykte kalendrane med luker vart produsert i 1904. I 1947 ga Norsk Speiderpikeforbund ut den første adventskalenderen i Norge.

Eg og bror min delte vår første julekalender eit år tidleg på 60-talet. Vi opna tolv luker kvar. Det vart rift om å få opne den største på sjølvaste julaftan. Bror min var yngre enn meg, men hadde det sterkaste vinnarinstinktet. Det var ingen tvil om kven som skulle opne luke nummer 24. I denne første kalenderen låg det ingenting bakom luka, berre eit lite bilde kom til syne. Men gjevt var det likevel.

Seinare fekk vi, om ikkje anna for husfreden si skuld, ein kalender kvar. Det kom plastfigurar bak lukene, og seinare sjokolade.

Så har tidene forandra seg. Handball på TV har vorte ein kjær adventstradisjon for mange. I år krona handballjentene Thorir Hergeirsson sin fenomenale trenarkarriere med EM-gull. Tenk at han fekk avslutte på denne måten! Eg meiner Thorir er den største trenaren i norsk idrettshistorie, uansett grein.

I jula kjem dei etter kvart tradisjonsrike sjakksendingane på TV. Hundretusenvis av menneske, som ikkje kan sjakkreglane, sit klistra til skjermen. TV-sjakk i julehelga ser ut til å vere ein genial miks av spenning og tradisjon.

TV-kanalane satsar stort på julekalenderar no for tida. Eg er ein trufast sjåar av «The Julekalender», og i seinare år Asbjørn Brekke. Kor mange gonger eg har sett «The Julekalender» har eg ikkje peiling på. Det spelar heller inga rolle. Olaf, Gjertrud, Benny og nissane er uløyseleg knytta til min advent. Ja, det er verkeleg «bærre lækkert» å benke seg framfor TV’en og følge med på denne absurde, men samtidig så jordnære historia.

Og kanskje er det ikkje tilfeldig at ein som vaks opp på Eidet på 60-talet har slik sans for denne serien? Olaf og Gjertud er oppdikta karakterar. Men sanninga er jo at i gamle dagar fanst dei begge i levande live på Eidet – i ymse utgåver rundt om på gardane.

Stabbesteinar anno 1880. Bildet er frå Oddedalen i Hardanger, og er tatt av Marthinius Skøien. (Frå Nasjonalbiblioteket sitt arkiv).

På arbeidsrommet mitt heng ei julestjerne i vindauget. Vi har fått opp lys på verandarekkverket. Den gamle klokkestrengen med plass til julekort kjem nok ikkje fram i år. Før i tida lurte vi på kor mange julekort som ville kome i postkassa. No til dags er spørsmålet om det kjem fysiske julekort i det heile tatt. Julehelsingane har for det meste hamna på dei digitale plattformane. Men framleis finst det unntak. Heldigvis.

Eg meiner ritual og tradisjonar er viktige. Truleg er dei mykje viktigare enn kva vi sjølv er klar over. Vi må ha noko å halde oss fast i. Det trengs stabbesteinar, som står der og hjelper oss på ferda etter livets krokete veg. Kanskje er det noko av forklaringa på at juletradisjonane er så slitesterke?

Og i botnen av det heile ligg ei forteljing om ein fødsel utanom det vanlege, og ein bodskap om fred på jord.

Kommenter innlegget