Trim i morgonlys

Å gå ei ein morgonrunde i Buaværet er ein livgivande start på dagen. Det er alltid eitt eller anna med lyset her ute ved havet. Bestandig er det noko som fangar deg.

Denne måndagen møtte eg to rådyr på tur berre femti meter unna huset. Det er mange av arten i området her, så dei tar seg gjerne turar rundt i hagane for å sjekke kva som foregår. Seinare kunne eg nyte synet av ein prektig havørn. Han flaug ikkje så langt over hovudet på meg, på veg ned mot berga for å speide etter mat.

Sidan eg helst skal halde farten oppe og slite meg litt ut på desse turane, har eg sjeldan tungt kamera med. Det får halde med telefonen. Bilde av rådyra og ørnen vart det ikkje bilde av. Dei fer fort, desse skapningane. Men nokre landskapsbilde tok eg. Eg har vel tatt hundrevis, for ikkje å seie tusenvis, med variantar av desse motiva.

Men det er altså noko med dette lyset… Dette lyset som møter oss her ute kva morgon. I storm og stille. I rokk og fokk. Alltid like magisk.

Kommenter innlegget