Åtte månader med hytteliv i ord og bilde

Nesten på dagen åtte månader gjekk det frå første turen til Tælastuå i år, før sesongen vart avslutta. Gunnar Nordvik køyrde opp varer med skuter den 9. mars. 8. november sa eg farvel til Tæla for i år. Bildet over viser lasten som vart frakta opp med skuteren. Innhaldet er nøye planlangt av logistikk- og innkjøpssjef Mette.

Mette si gode planlegging nyt vi godt av gjennom heile hyttesesongen. Ho har til ei kvar tid oversikt over kva som er på hytta, slik at sekkane ikkje blir tyngre enn nødvendig.

9. mars var ein strålande dag. Her køyrer Gunnar heim, etter å gjort den siste vendingen med proviant og utstyr. Skaren var fast og fin, og slik skulle det halde fram utover våren. Så lenge skisesongen varte, gjekk vi på føtene eller bruka truger opp liene. Denne første turen gjekk eg på føtene. Skiene var ikkje med.

Som bildet viser, var det lite snø på Tæla i mars. Vanlegvis får vi ein skikkeleg snøperiode i mars eller april. Men denne kom ikkje i år, og dermed vart det uvanleg tidleg vår i fjellet.

23. mars hadde Mette og eg den første overnattingsturen. Den første kvelden var det sjølvsagt spekemat avec – som vanleg. Gode tradisjonar er til for å haldast.

Påska på Tæla gler vi oss alltid til. Det er ei tid for å dyrke dei enkle gledene i livet. Langfredag 29. mars var vi på plass i Tælastuå.

Variabelt ver hindra ikkje ein del gamle travarar å kome på besøk 1. påskedag. Denne familien er blant dei som aldri sviktar. Lengst til venstre ser vi Ole Sæterbø med vesle Kristian i pulken. Deretter følger Ingrid, Jostein, Sigbjørn og Ragnhild – alle med etternamn Hausberg.

Første gongen vi inviterte til påsketreff på Tæla var i 2004. Opp gjennom åra har det vore mange innom 1. påskedag. I rekordåret 2005 skreiv over femti gjestar namnet sitt i hytteboka.

I påska vart det montert ny dørvridar. Inga stor hending. Men på ei gammaldags straum- og veglaus hytte inne på fjellet, er slikt som dette blant dei milepælar som må dokumenterast. Eg fekk god hjelp av min gode ven Torbjørn. Han meinte at resultatet vart så bra at vi bør ta ny takst på hytta!

Eg kan knapt tenke meg nok gjevare enn vårskiturane på Tæla. Dette bildet er tatt inne på Veltret 6. april. Det er fint å kome opp på høge toppar. Men Veltret er heller ikkje så verst. Her er det god utsikt utover den heimre delen av Tæla, og tankane får rom til å flyge fritt.

Det er rundt tre kilometer frå Tælastuå og inn på Veltret. Mange stussar når eg fortel at stigninga på denne strekninga er på 150 meter. Men slik er det.

«Morgenstund har gull i munn». Det er 1. mai på Tæla. Bildet fortel det meste, utan fleire ord.

Det som var att av snø, minka fort da mai banka på. Dette panoramabildet er tatt 12. mai.

12. mai, og mesteparten av snøsmeltinga på Tæla er allereie unnagjort. Fossåa har roa seg etter ei travel tid, og naturen er godt i gang med å kle seg i grønt.

Kalenderen viser 15. juni, og det er rekordtidleg sommar på Tæla. Vi har fått pakka ut etter turen opp liene, og nyt forsommarkvelden ute på verandaen med alt det som høyrer til. Eg har aldri før sett terrenget så grønt og bjørka så frodig midt i juni.

23. juni, og denne gongen er det guttetur med ein deltakar. Både mann og sko kviler ut etter turen opp frå Kvenndalen.

25. juni la fjellgruppa til Surnadal pensjonistlag turen til Tæla og Fintenkjarplassen. Dei var retteleg heldige med veret. Eg møtte dei nede på Haukarstokken, og guida følget opp til Fintenkjarplassen.

Temperaturen steig til rundt 26 grader på turen. Mange fann det best å sakke på farten og ta det litt med ro i varmen. Men ikkje alle tenkte slik. Dei eldste deltakarane på godt over 80 år sprengte heile feltet.

Frodige Kvenndalen sett frå Fintenkjarplassen 10. juli. Eg sat lenge med kikkerten og kaffekoppen før eg gjekk ned att.

Luksus i fjellet! Eg og Mette har mange fine stunder nede ved Fossåa i løpet av sommaren. Her badar vi, solar oss og nyt livet. Av og til skeiar vi heilt ut, og tar lunsj med spekemat avec her på favorittplassen vår. Eg trur neppe dei som dreiv setring på Tæla fann på slike ting. Men det får no stå sin prøve…

Med august kjem dei fine solnedgangane på Tæla. Bildet er tatt klokka 20.53 den 13. august. Kveldar som dette er kostbare og må berre nytast. «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», heiter det i Aslaug Låstad Lyge sin sin visetekst. Ho er inne på noko.

Vel tilbake frå ein flott Kreta-ferie vart det tælatur igjen i midta av september. 17. september kunne vi nyte frokosten ute i haustsola. Det er godt å vere til i slike stunder.

Etter den nemnte frokosten oppdaga min beste halvdel at stueglaset på framsida hadde behov for ein omgang med lakk. Det var berre å trø til. Arbeidet gjekk lett i det fine veret, og resultatet var så bra at ein fagmann neppe kunne ha gjort det betre. Trur eg.

23. september var eg tilbake på Tæla igjen, og hadde eit døgn for meg sjølv på hytta. Ærendet med turen var å lakkere eit glas til. Men ein hyttetur skal også innehalde rekreasjon og dyrking av livskvalitet. Her prøver eg å få i meg varmen etter ein litt hustrig tur opp liene. Ikkje så verst.

På det som skulle bli den siste overnattingsturen tok eg ein god runde i terrenget. Eg rasta inne ved restane av den heimre gjetarhytta. Ein fin plass, der ein kan ta det med ro og tenke over tider som både var og er. Det sit mykje historie i desse steinane. Bildet er tatt 17. oktober.

Etter rasten ved gjetarhytta la eg turen tilbake til Tælastuå om Middagshaugen og Fintenkjarplassen. Denne vesle varden oppe på Middagshaugen bygde eg og son Eirik i pinsehelga 1993. Vi hadde ein fin tur i lag, og trøydde tida lenge med å bygge varden. Det er triveleg å sjå at den har halde stand mot ver og vind gjennom alle desse åra. Eit fint minne frå den første tida med hytteliv på Tæla.

8. november var eg på dagstur og gjorde hytta vinterklar. Dagen vart eit flott punktum på ein minnerik hyttesesong.

Kommenter innlegget