Den siste turen i år

Ja, eg reknar i alle fall med det. No kan ein jo aldri vite korleis vergudane ter seg i vekene fram mot jul. Men ut frå erfaring veit eg at dagsturen til Tælastuå 8. november nokså trygt kan kallast den siste hytteturen i år.

Eg vart velsigna med fint haustver på turen. Allereie på Kvennbøskiftet var eg oppe med mobilkameraet før første gong. Skodda låg som eit mjukt teppe over mi barndoms grend, og skapte ei magisk stemning. Den måtte eg forevige.

Turen opp liene gjekk greitt. Det er mykje væte i terrenget på denne tida av året, men det må ein rekne med. Verre er det å gå over myrene etter at frosten har meldt seg.

Myrene var våte, men heldigvis fri for is.

Det er alltid noko spesielt med denne siste vendingen til Tæla. Sju månadar med hyppige hytteturar er over. No ventar vinteren, og ei tid der vi normalt ikkje brukar hytta. Dette årlege skiftet i tilværet er ei omstilling til eit liv med ei anna rytme. All den livskvaliteten som ligg i hyttelivet, skal vi no gå til andre kjelder for å finne.

Etter ein matbit ute i haustsola, tok eg fatt på dei faste gjeremåla som høyrer med for å gjere hytta vinterklar. Litt mat og drikke som ikkje toler overvintring, vart lagt i sekken. Spaden vart bunden fast ute på verandaen. Det er ein overmåte viktig detalj å hugse på. Elles er det mangt som skal sjekkast og ordnast. Eg tek meg alltid god tid når eg held på med dette ritualet.

Spaden er på plass. Viktig!

Medan eg pusla rundt inne i hytta, kunne eg kjenne på ein haustleg ro som kvilte over både meg og landskapet. Framleis kunne søget frå Fossåa høyrast. Men det skal ikkje så mange dagar med vinterver til, før ho tagnar under is og snø.

Eg vurderte ei stund å overnatte, men slo det frå meg dagen før eg reiste. Ein haustkveld i eige selskap på hytta er triveleg. Men da sola gjekk ned bak Fossafjellet klokka halv tre, sa eg til meg sjølv at avgjerda var rett. Dagane er korte no i november. Lufta vart fort både kald og rå da skuggen la seg over stølen. Eg ser heller fram til den første overnattingsturen når vårsola vermer, og Tæla atter vaknar til liv.

Takk for i år!

Etter utført jobb, sette eg med ned på verandaen for å ta inn naturen ein siste gong før vinterpausen. Den sedvanlege epistelen i hytteboka vart forfatta. Eg tenkte tilbake på hyttesesongen, den 33. i rekka, og kjente på takksemd over alle dei gode minna både eg og Mette sit att med.

Dei er ein god bagasje å ta med inn i vinteren.

Haustleg fred over Tæla og fjella rundt.
Dei som har lest boka mi «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen, vil vite at eg har eit nært forhold til desse to rognene. Eg møter dei idet eg kan sjåhytta for første gong på turen.
Denne furua oppe i Fallan er eit landemerke på turen. Furua går under namnet «byt-tollå», fordi ho tidlegare markerte ei eigedomsgrense i utmarka.

Kommenter innlegget