
Flight SK4467 er klar for avgang til Sola. Vi er på veg til Tau og flyg frå Værnes denne gongen. Pensjonistar med god tid har bra timebetaling for å køyre 26 mil frå Bud til Stjørdal, framfor å flyge frå Molde. Det er fleire tusen kroner å spare. Synd, men sant.
Med elbil blir det heller ikkje mange kronene i driftsutgifter. Eg er glad vi kjøpte elbil. Klimavennleg køyring, i kombinasjon med komfort og minimale driftsutgifter, burde vere grunn god nok til at salget av elbil skaut ytterlegare fart.
På eit eller anna sosialt medium leste eg rett nok at klimakrisa er oppdikta, og at dei som står bak bedraget er folk som vil tene seg søkkrike på eit heilt unødvendig grønt skifte. Eg trur meir på forskarane, for å seie det slik. Men sjølv den mest innbitte kunnskapsfornektar kan vel også unne seg elbil berre for køyregleda sin del, utan å irritere seg over at bilen er utsleppsfri?
Eg sit på sete 19C, ut mot midtgangen. Mette har 19A og vindusplass. Vi har ingen mellom oss. I dette flyet er det berre fire seterader, to på kvar side. Likevel har vi A og C, og ikkje A og B.
Utan forvarsel dukkar to spørsmål opp inne i skolten: Kva slags system er no dette? Og: Kvifor i hulaste begynner eg å spekulere på noko så uvesentleg, no når eg skal kose meg på tur? Livet byr som kjent på fleire spørsmål enn svar. Atter får eg kjenne denne sanninga på kroppen. Og forresten: Kva var vel tilværet utan mysteria?
Flyverten gjennomfører sitt faste rituale, og fortel kva vi skal gjere om det oppstår ein naudsituasjon. Som vanleg følger eg berre slik halvvegs med på denne rutineprega framsyninga. Eg har høyrt og sett leksa hundrevis av gongar. Men bodskapen når aldri heilt fram til meg.
Det er heilt meingslaust å vere så tungnem. Eg var da ein racer til å pugge salmevers på skulen. Men om bord i eit fly sluttar altså hjernen å fungere. Truleg er det slik fordi eg ikkje er i stand til å sjå for meg korleis ein naudsituasjon vil opplevast. Scenarioet er jo så absurd. Dersom denne metalltuben som eg no er fanga i skulle dette ned, er håpet mitt, enkelt sagt, ein rask og smertefri utgang av tida. Etter eit fall på 10.000 meter, eller eit hopp i havet frå vingen, vil eg aldri i verda greie å gjennomføre ei komplisert oppblåsing av redningsvesten. Eg treng ikkje å lære det.
Elles har vi det bra inne i tuben. Eg likar å reise med fly. Flyet er uslåeleg som framkomstmiddel. Snart kjem flyverten, som no har tatt av seg den gule vesten, med ein kopp kaffe. Han er meir elegant utan vest. Ein diskret mørkeblå genser, i kombinasjon med kvit skjorte og lyseblått slips, kler karen godt. Han talar engelsk. «Coffee or tea?» «Coffee, thank you.» «Milk og sugar?» «No.» Eg kunne ha fortalt han at eg ikkje har smaka mjølk på over femti år, og at eg er sikker på at Vårherre først og fremst hadde kalvar og nyfødte ungar i tankane da han skapte mjølka. Men engelsken svikta. Heldigvis, får ein vel seie.
Svart kaffe smakar fortreffeleg når ein er ute og luftar seg. Eg prøver å utsette jekselen lengst bak på venstre side av underkjeven for den varme drikken mest mogleg, for å sjekke om det isar. Tilsvarande test vart gjort med kald drikke og baguett på flyplassen. Men tanna fungerer. Eg kjenner ingenting.
Kvifor held eg så på med dette? Jau, det har seg nemleg slik at ein liten bit av ei fylling ramla ut da eg skulle nyte ein lakrisbit på bilturen til Værnes. Ja ja, noko må det vere når ein er ute på reise. Sist vi skulle ta fly til Sola, fekk vi ikkje vere med i det heile tatt. Men da reiste vi frå Kristiansund. For siste gong. Vi måtte kjøpe nye billettar frå Molde for å kome oss dit vi skulle. No blir det ein runde med tannlegen. Prisen for ei nyrenovert tann er vel omtrent den same som for to flybillettar. Så det vart ingen ekstrakostnad med jekselen, om ein ser stort på det.
Elles har vi det bra inne i flyet. Eg har tatt fram siste utgåva av Dag og Tid. Mette på 19A les i ei bok. Kvifor strikker ho ikkje? Nei og nei, enda eit håplast spørsmål melder seg. Eg prøver å få tankane over på noko anna ved å fordjupe meg enda sterkare i avisa. Journalisten Hallgeir Opedal har vore på reportasjeserie til Færøyane. På flyet les eg den siste av seks reportasjar. Til saman er dei 18 avissider med glitrende journalistikk og skrivekunst.
Alle burde abonnere på Dag og Tid. Og Hustadvikingen, som akkurat no er ute med eit nytt strålande månadsmagasin på papir. Magasinet er eit supplement til den løpande nyhetsdekninga 24/7 på nett, kan eg fortelje dei som ikkje kjenner avisa.
Livet smiler reint så innsmigrande til oss her ei mil over bakken. Litt risting og turbulens minner oss om at er vi med på ein kamp mot sterke naturkrefter. Så lenge vi held oss oppe i lufta, er eg glad. Eg har jo ikkje peiling på kva eg skal gjere om noko gale skulle skje. Men det går nok godt denne gongen også.
Eg set punktum her. Vi landar snart. Det vart noko ustrukturert. Den tynne lufta får ta skulda.