
32 år har gått sidan vi tok over Tælastuå. Hytta hadde ikkje all verda med inventar den gongen. Etter kvart vart det betre.
Alt det vi har frakta opp, enten det er ved hjelp av kroppsleg makt eller med helikopter og skuter, ber på si eiga historie. Slik blir det på ein plass som Tælastuå. Kvar ei lita forbetring set seg fast i minnet.
I kveld kom eg til å tenke på korleis kråskåpet som heng på veggen kom hit. Skåpet er laga av Tønnes Kvendbø. Vi kjøpte det av sonen Ole Johan, ikkje lenge etter at Tønnes gjekk ut av tida. Eg hugsar handelen veldig godt. Den vart gjort i Åsheim ein fredagskveld i 1995. Hytteboka fortel at datoen var 18. august.
Ole Johan tok oss med til snekkarverkstaden til faren, og der valde vi ut dette skåpet. Vi tok det med oss og køyrde inn i Kvenndalen. Derifrå bar eg møbelet på ryggen opp Gardsbrona og fram til Tælastuå. Eg meiner det vart mørkt før vi var framme.
Hytteboka dokumenterer at det nok stemmer. Vi starta ikkje frå dalen før klokka kvart på ti. Og turen tok si tid. Eg heldt skåpet fast på ryggen med berre hendene, utan bruk av sekk, stropper eller tau. Sanninga er nok at eg var hakket sprekare som 39-åring enn kva eg er som 68-åring…
Så må eg legge til: Akkurat det lever eg godt med. Alder er ei gåve. Eg er takknemleg over at turane opp Kvennbøliene går så lett som dei gjer. Sjølv om dei tar lenger tid enn før.
No har altså skåpet etter Tønnes hengt på veggen i 29 år. Det passar godt i kråa si. I tillegg er dette kortreist handverk, og eit triveleg minne om ein særeigen mann som høyrde naturen til.