Musikalsk møte ein sein kveldstime på Tingvoll

Eg har fleire gongar skrive om musikk og plater som betyr ekstra mykje for meg her på Fintenkjarplassen. Da eg bladde i vinylhylla i dag, kom eg over den plata du ser bilde av her, «Facing you» med pianisten Keith Jarrett. Eg har hatt albumet i mitt eige i godt over femti år.

«Facing you» var mitt første platemøte med Jarrett. Og det er så rart med det. Den første plata du høyrer av ein utøvar som du lærer å sette pris på, blir ofte hengande ved deg for alltid. Personleg kan eg ramse opp ei lang rekke med slike eksempel.

Eg kjøpte denne LP’en nokre få år etter at utgjevinga i 1972. Den direkte årsaka til handelen var at Johs. Bergh (eller kanskje var det Erling Wicklund) ein sein kveldstime spela komposisjonen «In Front» på radioen. Eg budde på hybel hos Elen Rimstad, på Stykkja, den gongen. Det var viktig å høyre program som Jazzklubben, dersom ein skulle henge med i dei intense musikkdiskusjonane som rasa i friminutta på gymnaset på Tingvoll. Den som ikkje var oppdatert, hadde lite å stille opp med.

Tidleg på 70-talet måtte den som ville høyre jazz på radioen vere oppe lenge. Slik lettsindige utskeiingar dreiv ikkje folkeopplysaren NRK med på dagtid eller tidleg kveld. Da var det endelause program om urfolk i avsidesliggande strøk av Nepal og andre likande lyttarmagnetar som rådde i eteren.

Keith Jarrett var fødd på sjølvaste frigjeringsdagen til Norge, 8. mai 1945. Utan tvil vil han gå inn i historia som ein av jazzen sine mest betydelege pianistar. Han har gitt ut plater sidan 60-tallet, og heldt det gåande langt inn i dette årtusenet. Ei liveplate med opptak frå ein konsert i Budapest i 2016 vart ifølge diskografien på Wikipedia det siste han ga ut. Diskografien tel over åtti utgjevingar.

Katalogen til Jarrett inneheld alt frå standardplater til nyskapande og, ut frå si tid, grensesprengande jazz. I 1974 spela Jarrett in den berømte plata «Belonging» saman med Jan Garbarek (saksofon), Jon Christensen (trommer) og svenske Palle Danielsson (bass). Plata er eit fantastisk stykke musikk. At kvartetten bestod av to nordmenn, fortel mykje om kva for ein status norsk jazz klarte å opparbeide seg internasjonalt på 70-talet.

Karrierera til Keith Jarrett skulle få ein brå og brutal slutt. Etter to slag i 2018 vart han ute av stand til spele. Lagnaden til Jarrett får meg til å tenke på eit anna tangentfantom, Keith Emerson. På 90-talet vart han ramma av ein nervesjukdom i den eine handa. Denne forverra seg gradvis. Før ein turne i Japan i 2016 var plagene så store, at det vart nødvendig å ha med ein reserveorganist som i verste fall kunne tre inn for Emerson. Det var meir enn den store meisteren kunne leve med. Han fann fram pistolen, og gjekk ut av tida.

Keith Jarrett gjesta jazzfestivalen i Molde i 1966, 1972, 1973 og 1986. I 1986 var eg sjølv til stades i Idrettens Hus, og fekk høre meisteren framføre standardkomposisjonar sammen med stjernene Gary Peacock, bass, og Jack DeJohnette, trommer.

Eit artig konsertminne å sjå tilbake på, og ikkje minst no når karrieren til Keith Jarrett er over. Men musikken lever. Og «Facing You» står støtt på plassen i platehylla mi. Slik den har gjort i rundt femti år.

Kommenter innlegget