På veg mot jungelen

Flott utsikt frå verandaen. Men den raskt veksande skogen nede ved Fossåa truar den opne stølen.

Gamle kulturlandskap gror att. Frå hytta kan vi med eigne augo sjå korleis den opne Kvennbøtæla sakte, men veldig sikkert, endrar karakter. I enden av nok ein hyttesesong kan eg konstatere at attgroinga i fjellet held fram med å auke farten nokre hakk kvart år.

Mest synleg er attgroinga på og rundt seterstølen. Hadde ikkje eg og Mette bruka så mykje tid på å fjerne kratt og å rive opp rognskot, ville stølen i dag ha vore jungel. Utviklinga er markant, og det er påfallande korleis ho har eksplodert dei siste fem – seks åra.

Attgroinga blir ofte forklart med at beitedyra forsvann. Fråveret av beitedyr er ein del av årsaka. Men det er også fagleg semje om at ein viktig årsak til den aukande attgroinga er klimaendringane. Basert på eigne observasjonar, trur eg klimaet betyr mykje meir for attgroinga enn mangel på beiting. Det veks opp ny skog i uhorvelege mengder, også på stadar der beitedyr aldri har sett sin fot.

Vi har hatt hytte på Tæla sidan 1992. Før 2010 var attgroing i fjellet sjeldan eller aldri samtaleemne. Sjølvsagt vaks det til kratt og busker her og der før i tida også. Men det var ikkje noko å bry seg om. Meinte vi da. No er situasjonen heilt annleis. Småbjørka kryp nådelaust oppover frå skogholtet nede ved Fossåa i ein urovekkande fart. Rogna skyt opp overalt. Ho veks glatt ein meter i løpet av ein sommar.

Krattet som veks: Mette gir ikkje opp kampen.

Stølen skal vi alltids klare å halde nokonlunde open så lenge vi er hytteeigarar på Tæla. Men landskapet innover frå hytta er det verre med. Når eg vandrar rundt i dette terrenget, og ser på frammarsjen til bjørk, rogn og anna kratt, har eg meir enn ein gong spurt med sjølv: Korleis ser det ut her om nokre tiår? Vil det vere framkommeleg på sommars dag? Eg vil helst ikkje tenke på kva som er svaret.

I sommar fann eg for første gong gran på Tæla. Eg trur diverre det er ein forsmak på kva komande generasjonar av friluftsentusiastar har i vente.

VG publiserte for ei tid tilbake ein reportasje om ein sauebonde i Etne. Lars Kjetil Flesland har levd tett på naturen, og har gjort ver- og klimaobservasjonar i førti år. Han fortel om eit kulturlandskap som dei siste ti åra har endra seg dramatisk. Dette har skjedd, til tross for at beitinga i området har vore uendra siden 1970-talet.

Beitedyr er altså ikkje nok til å bekjempe attgroinga. Andre krefter er i sving.

Parallelt med at kratt og småskog boltrar seg i det som fram til no har vore opne landskap, kryp tregrensa oppover. Den som fer i fjellet, kan observere dette med sjølvsyn. I dag stig tregrensa inntil ein meter i året, opplyser Anders Bryn ved Naturhistorisk Museum i VG sin reportasje. Ettersom bruken av naturen har endra seg, vil truleg tregrensa sitt tempo opp fjellsidene auke til meir enn dagens årlege meter. No står tregrensa på kanten av dei store viddene, som etter kvart risikerer å bli dekte av skog. Det er eit dystert scenario.

Vi er på veg frå opne landskap til jungel.

Sauebonden frå Etne ønsker seg meir handling for å begrense dei raske klimaendringane. – Vi brenn ikkje opp, som dei gjer i California. Eller tørkar opp som dei gjer i Spania – ikkje med det første. Vi kan greie å tilpasse oss. Men ikkje hvis endringane skjer for raskt, seier Lars Kjetil Flesland, som er open for meir naturinngrep, som vindturbinar og kraftkablar, for å få fart på det grøne skiftet.

Ja, det var det da. Eg er ikkje så optimistisk. Klimaforskarane har gitt oss overveldande dokumentasjon på kva som er årsaka til den globale oppvarminga, og kva som blir konsekvensane. Men det hjelper lite, så lenge politikarane står med hovudet langt nede i sanden. 1,5-gradermålet i Parisavtalen kjem til å ryke. Den som er interessert, kan lese seg opp på kva som skjer når temperatureauken på jorda passerer 2 og 3 grader. Utsiktene er ikkje lystelege, for å seie det forsiktig. Tett krattskog på det som i dag er opne fjellvidder, vil fort bli ein bagatell.

Stølen sommaren 2011. Den som er lokalkjent, vil sjå at endringane i vegetasjonen sidan den gongen er store. Hitafor hytta står i dag ei rundt tre meter høg selje. Ho var ikkje «påtenkt» da dette bildet vart tatt.

Kommenter innlegget